Vedtaket om den refuserte statuen av kong Olav V i kommunestyret i går ettermiddag var samrøystes. Gjennom at lokalpolitikarane godkjende reguleringsplanen for den delen av Skjerjehamn som fiskeoppdrettar Ola Braanaas eig, inneber det at statuen blir plassert på høgaste punktet på øya. Det var denne staden bilethoggar Knut Steen meinte var den beste.

Og ikkje berre avviser dei folkevalde nabo Kenneth Nilsens kraftige protestar. Lokalpolitikarane i Gulen varslar no at dei vil gå bergensentreprenørens eiga byggjeverksemd på øya nærare etter i saumane. I vedtaket heiter det at kommunen skal gå gjennom eksisterande plan for Nilsens eigedom når det gjeld turistverksemd, plassering av nybygg og ulovleg byggjeverksemd.

Kaste store skuggar

Kenneth Nilsen har i sterke ordelag protestert mot plasseringa av kongestatuen på det høgaste punktet på staden. Han meiner den nære plasseringa til hans eigedom vil vere sjenerande.

— Den store statuen vil kaste store skuggar over min eigedom, skriv Nilsen i klagen. Der gjev han rimeleg klart til kjenne at han ikkje syns særleg mykje om den kunstnarlege verdien av kongemonumentet:

«Jeg mener er statuen er lite vakker og direkte skjemmende både i seg selv og i forhold til omgivelsene» skriv Nilsen. Han legg til at han ikkje kan forstå at denne «Hitler-lignende» statuen kan plasserast i den norske skjergarden. Nilsen viser dessutan til at den gjeldande reguleringsplanen for Skjerjehamn er relativt ny:

«At kommunen nå ser ut til å snu helt rundt på sitt syn her, virker enten veldig vinglete eller også litt mistenkelig».

Sjekke opp ein del

Ordførar Trude Brosvik seier det kommunen no vil. er å sjekke opp ein del ting før det blir gått vidare.

— Vi held oss til den eksisterande reguleringsplanen, og ønskjer å undersøkje om den har blitt følgd, seier Brosvik.

Ho viser til at Nilsen har ført opp eit pumpehus utan at dette er med i reguleringsplanen. Brosvik viser også til hytter i følgje den godkjende reguleringsplanen skal byggjast for utleige.

— Kommunen vil no sjå om det faktisk har vore drive utleige, seier ordføraren.

Avduking

Naboen sør på Skjerjehamn var den einaste som i siste instans hadde innvendingar til planane Braanaas har med Skjerjehamn.

Oppdrettaren har siste halvtanna året brukt titals millionar for å ruste opp den ærverdige gjestgjevarstaden i Ytre Sogn for å turisme og konferansar. Braanaas ønskjer også å utvikle Skjerjehamn til eit kulturelt senter.

Drifta av anlegget tek til alt i sommar, og Braanaas fekk i går også innvilga serverings- og skjenkeløyve.

Den knapt åtte meter høge kongestatuen skal etter planen avdukast laurdag 4. august.

PÅ PLASS: Gulen kommune vil at denne statuen av kong Olav V skal plasserastpå den staden bilethoggar Knut Steen meinte var den beste.ARKIVFOTO: DAN YOUNG, SCANPIX
Young, Dan