Det er fylkeslaget i Sogn og Fjordane som har komme med framlegg om Brosvik.

— Vi meiner ho er ein sterk kandidat, og vil arbeide aktivt for å få henne vald, seier fylkesleiar Tryggve Lillestøl.

Dagfinn Høybråten blir etter alle solemerke ny KrF-leiar på det ekstraordinære landsmøtet 23. januar. Dei fleste reknar også med at Knut Arild Hareide får ny tillit som andre nestleiar, sjølv om han også formelt har stilt sin plass til disposisjon. Dermed må den tredje i partileiinga vere ei kvinne.

Dei to hardaste utfordrarane ser ut til å bli Stavangers varaordførar Bjørg Tysdal Moe og stortingsrepresentant Dagrun Eriksen frå Kristiansand.

Eit av dei viktigaste argumenta for Brosviks kandidatur er at ein politikar med bakgrunn i kommune-Norge må inn i partileiinga.

Brosvik har fem år bak seg i sentralstyret i partiet, og har vore ordførar i Gulen sidan 1999. Ho har lenge vore rekna som ei kommande stjerne i partiet. Og dei aller fleste rekna med at ho ville innta førsteplassen på KrF-lista i Sogn og Fjordane ved siste stortingsval. Men Brosvik takka nei til å la seg nominere.

— Kvifor seier du då ja til å bli nestleiar berre to år seinare?

— For to år sidan var eg i ein livssituasjon som gjorde det heilt uaktuelt å bli innvalt på Stortinget. Det har endra seg til i dag. Og det er sjølvsagt medverkande til at eg har sagt ja til å bli lansert som nestleiar, svarar Brosvik.

Overfor Bergens Tidende utelukkar ikkje Brosvik at ho no også kan tenkje seg å stille ved stortingsvalet i 2005.

— Det får vi ta når den tid kjem. Men eg har i alle fall ikkje sagt nei. Men det er jo også eit spørsmål om partiet vil ha meg.

Valkomitéen i Kristeleg Folkeparti skal etter planen ha klar si innstilling før jul.