Formannskapet i Gulen ber rett og slett departementet sende folk til kommunen for å vurdere om dei har pengar til å drive etter norsk lov. Dersom ei slik gransking viser at kommunen ikkje har inntekter til å gje innbyggjarane dei rettar dei har, meiner ordførar Trude Brosvik svaret er innlysande:

— Regjeringa må auke tilskotet.

Svartelista

Gulen er i store økonomiske vanskar. Over fleire år har underskot vorte dekka med hjelp av oppsparte midlar eller pengar tent på sal av aksjar. På same tid har kommunen kutta kraftig i utgiftene, mellom anna er fem skular lagt ned.

Men nedskjeringane har ikkje gitt resultat. Og no er sekken med aksjepengar i ferd i ferd med å gå tom. I fjor kom Gulen ut med ein minus på 6,2 millionar, i år kan det bli bortimot ti. Kommunen har hamna på svartelista til fylkesmannen.

Fryktar oppbod

— Kommunens betalingsevne blir litt dårlegare for kvar månad. Vi har teke kontakt med kommunalministeren fordi vi ønskjer å unngå ein situasjon der vi må innstille alle utbetalingar, seier ordførar Trude Brosvik.

Ein kommune kan ikkje bli slått konkurs. Men etter lova kan dei melde oppbod, i praksis vil det seie at kommunestyret innfører betalingsstopp. Eit slikt vedtak set det kommunale sjølvstyret ut av funksjon. Staten må inn og drive kommunen i lag med ordførar og rådmann.

Så langt er ikkje Gulen komen, og Trude Brosvik kan forsikre alle urolege kommunetilsette med at dei skal få feriepengane sine.

— Men utan store tiltak vil det berre vere snakk om månader før vi anten må ta i bruk kassakreditt eller gjere vedtak om betalingsinnstilling, er meldinga frå ordføraren til departementet.

Ikkje som Vardø

— Kvifor ikkje leggje ned verva, som i Vardø?

— Det dei har gjort i Vardø, er ein ulovleg protest. Og det er ikkje noko løysing. Vi prøver å vere konstruktive, seier ordføraren, som ber om konsulenthjelp frå departementet for å finne ein veg ut av krisa.

Til Bergens Tidende seier ordføraren at uføret Gulen har hamna i, skuldast at kommunen er stor og spreiddbygd. Inntektssystemet fangar ikkje opp dette.

— Vi ser det som ei avviklingslinje dersom kommunen skal legge ned eller sterkt sentralisere barnehagar, skular og omsorgstenester. I ein kommune som Gulen, er det avgjerande at desse tilboda ligg der folk bur, meiner Brosvik.