— Vi kan levere eit fullverdig kjølerom på åtte-ti kvadratmeter til ein slik pris, fortel salsansvarleg Ole Bjørn Skogheim ved Fresvik Produkt AS. Sognebedrifta er blant landets leiande innan kjøletekniske løysingar.

Bedrifta kan også isolere og montere kjøleutstyr i eksisterande rom, eksempelvis slike som dei tre båreromma i Gulen kommune.

Fiks ferdig på tre veker

— For nedkjøling av eksisterande rom er det vanskeleg å vurdere pris på ståande fot, men det treng ikkje bli noko dyrare. Eit nytt kjølerom leverer vi ferdig montert på tre veker, dersom kommunen ønskjer det, seier han.

Det var i går historia om dei uverdige forholda rundt oppbevaringa av døde personar i Gulen kom fram. Om sommaren har dei døde blitt lagra i varme rom, og ved fleire høve har dei næraste pårørande måtte skaffe is for å kjøle ned dei døde.

Og i går var saka det store samtaleemnet på kommunehuset og elles rundt om i Gulen.

- Ingen tok saka

— Det har surra litt i korridorane her i dag, ja, stadfestar kyrkjeverje Rune Ziener i Gulen.

Ziener opplyser at problemet har vore oppe i samband med budsjettet i kyrkjeleg fellesråd fleire gonger, utan at noko konkret har blitt gjort. Korkje i fellesrådet eller kommunen er problemet nokon gong blitt skikkeleg utgreidd, men Ziener meiner at dei mest nærliggjande alternativa er kjøling av eitt eller fleire av kommunens tre bårerom, eller å bygge eit nytt kjølerom ved aldersheimen i Eivindvik.

— Det synest som om problemet ikkje først og fremst har vore det økonomiske, men at ingen har gripe skikkeleg tak i denne saka, seier han. - Kjølerom har vore foreslått på budsjettet til fellesrådet fleire gonger dei siste åra, men alltid blitt fjerna i det endelege budsjettet.

— Men no vil det skje noko?

— Ja, no har i alle fall brevet frå fellesrådet, presten og omsorgsetaten gått til politikarane, så vi får tru at prosessen er komen i gang, seier kyrkjeverja.

Formannskapet i Gulen skal handsame saka på sitt budsjettmøte kommande torsdag.

<b>KAN BLI BYGD OM:</b> Bårehuset her ved Eivindvik kyrkje blir alt for varmt til oppbevaring av døde om sommaren. Fleire pårørande har sjølv måtta skaffe is og legge rundt kista på sine avdøde. Etter at saka kom opp denne veka, vil kommunen vurdere å skaffe kjølerom eller bygge om eksisterande bårerom. KNUT STRAND (foto)