LINDA HILLAND

I oktober fortalde Bergens Tidende om Reidun Eide som sjølv måtte hente is frå eit oppdrettsanlegg i nærleiken då mor hennar døydde. Dette for å kjøle ned båra i tida før gravferda. Gulen kommune har ikkje har eit einaste kjølerom for lagring av døde før gravferda.

— Å engste seg for at lukt kan øydelegge gravferda, er ei unødig ekstra påkjenning for dei næraste i slike stunder, sa Eide til BT den gongen.

Ho oppfordra kommunen til å ta tak i problemet slik at gulingane i framtida slepp å sjå sine avdøde kjære bli frakta til kjølerom i nabokommunane Hyllestad eller Høyanger. For dei som har døydd på sjukehus i Bergen eller Førde, har alternativet gjerne vore å bruke kjølerom der, og utsetje heimsendinga til like før gravferda skal finne stad.

No har Gulen kyrkjelege fellesråd bestemt seg for å gje dei pårørande verdige forhold under gravferda. For å få til kjøling i alle båreromma i Gulen, har fellesrådet bestemt seg for å dekke kostnader på inntil 50.000 kroner til lik fordeling mellom sokna Brekke, Gulen og Mjømna. Sokneråda blir oppmoda til å finansiere eventuelle resterande kostnader til kjøling, og få til dette i god tid før sommaren kjem. I den varme årstida kan det lett bli lang tid mellom død og gravferd i Gulen kommune.

Sokneråda skal handsame saka på soknerådsmøte i januar.

<b>MÅTTE HENTE IS:</b> I oktober fortalde Bergens Tidende om Reidun Eide som sjølv måtte hente is frå eit oppdrettsanlegg i nærleiken då mor hennar døydde
KNUT STRAND