Ein drone skal no kartleggja tilhøva i Hornindalsvatnet. Farkosten som blir kalla ein undervassglidar, har vore nytta i Nordsjøen. Men det er første gong den blir testa ut i ein innsjø.

Pilotforsøk

— Dette er eit pilotforsøk. Vi ønskjer å finna ut om desse glidarane kan nyttast i innsjøar der det er trongt og smalt. Vi gjer samstundes ein del målingar av vasskvalteten, seier forskar Lars Golmen i NIVA.

Dronen er om lag to meter lang og veg vel 50 kilo. Den har ekkolodd og skal gjera ulike målingar av oksygeninnhald, klorofyll, partiklar og temperatur medan den er nede i djupet.

I går starta dei med å prøva den ut i Hornindalsvatnet, som er den djupaste innsjøen i Norge med sine 512 meter.

- Meld frå om du fangar den

Dei starta forsiktige forsøk med dronen på ti meters djup i går. I dag går dei djupare ned. Dronen vil bruka om lag ein og ein halv time på turen ned til 500 meter og opp att. Der vil den liggje i overflata eit kvarters tid for å senda data via satelitt.

Det er ikkje kamera på dronen, så om den skulle treffa på sjøormen i djupet, vil den ikkje bli filma.

— Men han kan bli registret, seier Lars Golmen til Fjordingen.

Han ber samstundes folk ringe fra om dei får dronen i garnet. Det står eit telefonnummer på den.