Statoil-kontrakten har ein verdi på vel 250 millionar kroner, og vil sysselsetja store deler av Apply Leirvik-staben på kring 300 personar frå våren 2011 til juli 2012.

Det er tale om å byggja eit bustadkvarter med 40 lugarar og helikopterdekk i aluminium.

— Dette er det 20. bustadkvarteret vi leverer til Statoil, ordren er svært viktig for ordreboka vår, kommenterer administrerande direktør Harald Karlsson ved Apply Leirvik. Verksemda har gjennomført både permitteringar og jobbpendling til Grimstad det siste halvåret.

Heile Gudrun-utbygginga er kostnadsrekna til 20 milliardar kroner, Statoils partnerar i feltet er GDF Suez og Marathon Petroleum Norge. Aibel i Haugesund skal levera plattformdekket i 2013, Aker Verdal understellet. Aker Stord tapte anbodstevlinga om dekket til 2,7 milliardar kroner.