EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no Erstatninga må betalast etter at 84-åringen strauk den 64 år gamle guddottera og ektemannen hennar frå testamentet. I testamentet var ekteparet gjort til einearvingar til ein eigedom i Førde med bustadhus, låve og vedhus. Også ei hytte i Hafstadmarka, gardsreiskap, innbu og kontantar var med. Strid om avtale Testamentet førte til at guddottera frå Bergen la ned store pengar og mykje arbeid i å setje i stand garden på 90-talet. Men harmonien tok slutt: I 1998 strauk den 84 år gamle kvinna like godt paret frå heile testamentet. Dei svarte med å gå til sak, og skulda henne for avtalebrot. Paret hevda at det var inngått ein avtale om at dei skulle vere arvingar som takk for all hjelpa.I heradsretten tapte paret, men lagmannsretten har no kome til motsett konklusjon. Dei meiner 84-åringen "på klanderverdig måte har skapt og opprettholdt forventninger" om at det fanst ein slik avtale, og at paret på den måten har tapt pengar på alt arbeidet som er lagt ned. Får ikkje garden I utgangspunktet kravde bergensparet å på ny bli gjort einearvingar i tråd med det annullerte testamentet. Dette har dei ikkje fått medhald i, men 84-åringen må i staden dekkje tapet dei har hatt — av lagmannsretten vurdert til å vere 325.000 kroner.