Enorme mengder vatn er nødvendig for å få til prosessen med å skilje mineralet rutil frå dei andre steinmassane i Engebøfjellet.

I eit møtereferat Bergens Tidende har fått tilgang på, kjem det fram at gruveselskapet Nordic Mining kalkulerer med at vassforsyninga må ha ein kapasitet på mellom 100 og 110 liter i sekundet.

Selskapet vurderer no fire alternativ for å sikre seg tilgang på nok vatn. To av dei vil føre til inngrep i vassdrag som tidlegare i berre liten grad er regulerte til kraftutbygging.

Redalsvassdraget

Næraste alternativet er det urørte Redalsvassdraget aust om Vevring. Dersom dette blir valt, må det byggjast ein dam i Liavatnet. Norges vassdrags— og energidirektorat (NVE) har rekna på to alternativ, reguleringar på tre og seks meter.

Ei oppdemming på tre meter vil truleg vere for lite. I begge alternativa ligg det inne at Redalsvassdraget etter ei kraftutbygging skal ha ei minstevassføring lik alminneleg lågvassføring.

Den er sett til 60 liter i sekundet, berre kring halvparten av det Nordic Mining treng av prosessvatn. I tillegg til ein dam i Liavatnet må det byggjast pumpeanlegg for å få vatnet opp i gruveområdet, overføringsleidning med kryssing av vika over til Engebø og høgdebasseng.

Oselvvassdraget

NVE har også vurdert overføring av vatn frå Oselvvassdraget på andre sida av Engebøfjellet.

Vassdraget som ligg i Flora kommune, er vesentleg større enn Redalsvassdraget. Oselvvassdraget går gjennom mange store vatn, det største av desse, Storfjorden, er bygt ut.

Nordic Mining ser på inntak anten i Vassetevatnet eller Svardalsvatnet. Det må då byggjast overføringstunnel på kring 4,5 kilometer til Vevring.

Skorvenvassdraget

Eit tredje alternativ kan vere å hente vatn frå andre sida av Førdefjorden. Skorvenvassdraget i Askvoll er regulert til kraftproduksjon, men det finst fleire vatn som truleg vil ha kapasitet til å forsyne gruvedrifta.

Ifølgje møtereferatet er det store spørsmålet om vatnet er tilgjengeleg. Sogn og Fjordane Energi har inne søknader om å etablere tre nye kraftstasjonar i Skorvenvassdraget.

— Skal dette vatnet kunne nyttast som prosessvatn til Engebø, må det i så fall vere snakk om bakvatn frå kraftstasjon, heiter det i referatet.

Ferskvatn av sjøvatn

Eit fjerde alternativ er å lage ferskvatn av sjøvatn, såkalla omvend osmose. Dette blir gjort ved å pumpe saltvatn gjennom spesielle membranar med svært fine poreopningar.

Metoden blir i dag brukt i tørre område rundt Middelhavet, i Golfen og på installasjonar i Nordsjøen.

— Ved ei slik løysing treng ein ingen konsesjon, kjem det fram i møtereferatet.

Finansdirektør Lars Grøndahl i gruveselskapet seier ei vassdragsutbygging ikkje vil utsetje gruveprosjektet:

— Vi jobbar med vassforsyninga som ein integrert del av gruveprosjektet.

Synspunkt? Sei meninga di.

KAN BLI UTBYGD: Liavatnet i Redalen kan bli demt opp for å sikre nok vatn til prosessen med å skilje ut rutil frå dei andre bergartane i Engebøfjellet midt i biletet på nordsida av Førdefjorden.
Øystein Torheiim