Forskarar ved Institutt for energiteknikk meiner olivinstein kan brukast til å binde klimagassen. Ved å blande til vatn, kan det også bli skapt verdfulle restprodukt.

Blandinga av CO2, vatn og olivin dannar krystallar av magnisitt. Dette er eit karbonat som bind klimagassen nærast til evig tid. I tillegg blir det danna silika, som mellom anna kan nyttast til å framstille solcellepanel.

I ein rapport framhevar instituttet særleg olivinanlegget i Ytre Nordfjord som spennande. Dei meiner gruvegangane kan nyttast til å lagre store mengder karbonat.

— Vi har vore i kontakt med verksemder som produserer CO2. Dei er interesserte i prosjektet, seier forskingsdirektør Bjørg Andresen til NRK Sogn og Fjordane.

Selskapet North Cape Minerals som driv olivinanlegget, reknar med svikt i salet. Grunnen er hardare konkurranse. Dei vurderer difor å stoppe drifta innan utgangen av året. I alt 25 tilsette jobbar ved anlegget.

Øystein Torheim (arkiv)