Mange tenkjer kanskje på Grunnlova som eit gammalt og gulna stykke papir med eit arkaisk språk. Til neste år skal vi feire at Grunnlova er 200 år. Mykje av feiringa vil naturleg nok dreie seg om det mytiske året 1814, då Grunnlova vart skriven og vedteke av 112 utvalde menn i løpet av nokre hektiske veker på Eidsvoll.

Vi skal altså feire at Grunnlova er skikkeleg gammal, ja faktisk den nest eldste gjeldande grunnlova i heile verda etter den amerikanske grunnlova frå 1787. Men kor gammal er Grunnlova, eigentleg?

27 gonger i USA

Det kan høyrest ut som eit rart spørsmål, for eg sa jo nettopp at Grunnlova fyller 200 år. Men det betyr ikkje at alt som står i ho er like gammalt.

La oss få fakta på bordet. Joda, Grunnlova er datert 17. mai 1814. Dei av dykk som plutseleg frykta for grunnlovsfeiringa til neste år, kan puste letta ut.

Men sidan 1814 er Grunnlova endra 287 gonger. Det er ganske mykje, også i høve til andre grunnlover. Til samanlikning har den amerikanske grunnlova berre blitt endra skarve 27 gonger. Over omtrent same tidsrom har altså vår grunnlov blitt endra ti gonger så ofte som den amerikanske.

Jødeparagrafen først

Nabolanda våre har alle langt nyare grunnlover enn vår. Den finske grunnlova er frå 2000, den svenske frå 1974, den danske frå 1953, og den islandske frå 1944. Men dateringa seier ikkje alt.

Den danske grunnlova er ikkje endra ein einaste gong sidan 1953, den islandske berre sju gonger sidan 1944. Innhaldet i begge er i stor grad vidareføringar av tidlegare grunnlover frå 1800-talet.

Dei siste åra har forresten islendingane arbeidd med ei ny grunnlov, men det stranda i vår.

Her i Noreg kom den fyrste grunnlovsendringa i 1851. Då oppheva Stortinget den såkalla jødeparagrafen, som gjorde det forbode for jødar å opphalde seg i landet. Det tilsvarande forbodet mot jesuittar vart faktisk ikkje oppheva før i 1956, og då etter mykje debatt på Stortinget.

31 paragrafar uendra

Dei nyaste grunnlovsparagrafane er frå 2012. Då vart sju paragrafar endra som følgje av opphevinga av statskyrkja. Der det inntil i fjor stod i paragraf 2 at den evangelisk-lutherske religionen er Noregs statsreligion, står det no at verdigrunnlaget til Noreg er den kristne og humanistiske arven vår. No står der òg at føremålet med Grunnlova er å sikre demokratiet, rettsstaten og menneskerettane, for den som måtte vere i tvil om det.

Ingen kan dømmes uden efter Lov, eller straffes uden efter Dom. Pinligt Forhør maa ikke finde Sted (§ 96 i Grunnlova som har stått uendra sidan 1814)

Ser vi på Grunnlova under eitt, har omtrent tre firedelar av paragrafane blitt endra ein eller fleire gonger. Berre 31 av dagens 106 paragrafar står uendra frå 17. mai 1814. Etter oppløysinga av unionen med Sverige i 1905 har Stortinget i snitt gjort mellom sju og åtte paragrafendringar i kvar stortingsperiode. Nokre grunnlovsendringar har berre vore flikking på detaljar, medan andre har markert viktige politiske endringar i Noreg. Dei mange endringane av røysterettsreglane er døme på det. Når vi i år har feira at det er 100 år sidan kvinner fekk røysterett, skuldast det ei grunnlovsendring i 1913.

Henrik Ibsen-språk

Trass i dei mange grunnlovsendringane i Noreg er det likevel vanleg å høyre at Grunnlova er utdatert. Språket i Grunnlova må ta noko av skulda for denne oppfatninga. Etter at Stortinget reviderte språket i 1903, er alle seinare endringar skrive i den språkforma ein brukte rundt 1900 — fjernt frå moderne norsk. Sjølv heilt nye grunnlovsparagrafar ser difor ut som ein tekst av Henrik Ibsen.

Sosiologen og seinare statsråd Gudmund Hernes sa i 1980 at om ein vil vite korleis det politisk-økonomiske systemet i Noreg fungerer, er Grunnlova den siste staden ein bør sjå. Som i alle spissformuleringar er det ein snev av sanning i det.

Mindre kongemakt

På byrjinga av 1900-talet utvikla det politiske systemet seg raskt bort frå maktfordelinga mellom Kongen og Stortinget som følgde av Grunnlova. Viktige politiske endringar som at den personlege kongemakta forvitra og at vi innførte eit parlamentarisk system, skjedde utan store endringar i Grunnlova.

Parlamentarismens hovudregel er at regjeringa må gå av om ho får mistillitsvedtak mot seg i Stortinget. Den vart først skriven inn i Grunnlova i 2007. Då hadde det gått over 100 år sidan parlamentarismen vart innført i Noreg.

Spelereglar

Det er framleis mange viktige reglar om vårt politiske system som ikkje står i Grunnlova, og som ville ha stått der om vi skreiv ei ny lov i dag. Til dømes seier Grunnlova mykje om Kongen og om statsrådsmøta på Slottet, men det står ingenting om regjeringskonferansane, der mange av avgjerdene til regjeringa faktisk blir tatt. Det same gjeld mange viktige reglar om Stortingets verksemd, som arbeidet i komiteane og utvala på Stortinget. Det og mykje anna er i staden regulert i Stortingets eige reglement.

På den andre sida er det ikkje nødvendigvis bra å detaljregulere alle sider av statsstyringa i Grunnlova. Ei grunnlov skal gi grunnleggjande spelereglar for politikken og statens maktutøving, og ikkje alle reglar om staten.

Lappeteppe

I dag er Grunnlova inne i ein av dei største endringsperiodane sidan 1814. Det siste tiåret har Stortinget gjennomført ei rekkje viktige grunnlovsreformer. Valreglane vart oppdatert i 2003, den viktige ytringsfridomsparagrafen i 2004.

Når vi no går inn i det store jubileumsåret, er det altså med eit lappeteppe av ei grunnlov som er endra og tolka i takt med samfunnsutviklinga.

Og vi har meir i vente. Det gjeld til dømes modernisering av menneskerettane, som stort sett har stått uendra sidan 1814. Om framlegget blir vedteke, vil det vere den mest omfattande grunnlovsreforma i Noreg nokon sinne.

Kanskje forsvinn òg det fremste alderdomsteiknet til Grunnlova i sjølve jubileumsåret. Stortinget skal nemleg også avgjere om Grunnlova skal få ei ny språkdrakt på moderne bokmål og nynorsk.

Det bør vi også feire til neste år.