Ved to tilfelle har det dårlege vatnet gjort at Lerum måtte stoppe produksjonen, melder NRK Fylkesnytt.

Syltetøyfabrikken ligg i Sogndal kommune, og står for all produksjon av syltetøy i konsernet. Fleire gonger har vatnet som kommunen leverer vore så skite at det ikkje har vore mogleg å bruke det i produksjonen.

Det inneheld rustpartiklar og slam, og dette legg seg i botnen på grytene våre slik at vi må stoppe produksjonen og spyle alt reint, fortel driftssjef Ivar Buene.

Reingjeringa og produksjonsstansen har kosta Lerum meir enn 42.000 kroner denne vinteren. Teknisk sjef i Sogndal kommune, Arvid Valland, seier ifølgje NRK at han ikkje er sikker på at ansvaret ligg hos kommunen. Derfor er det ikkje utan vidare sikkert at Lerum får erstatningssummen dei krev.