Hilde Kristin Strand

Politiet fekk melding om tjuveriet klokka 15 søndag. Fire våpen kaliber 22 og dessutan noko ammunisjon og pengar forsvann frå skyttarlaget sine lokale.

— Tjuvane har tatt seg inn hovuddøra. Deretter inn ei sikra dør til eit rom som er laga til å ha våpen i, og så inn endå ei dør i det rommet, fortel operasjonsleiar Inge Hauge i Sogn og Fjordane politidistrikt.

— Er det noko som tyder på at det er kjentfolk som har vore på ferde?

— Dei har nok visst kor dei skulle, seier Hauge.

Han seier at politiet ser alvorleg på saka.

— Det er alltid litt spesielt med våpentjuveri. Me har vore på staden, men står utan spor, seier Hauge.

Av omsyn til etterforskinga ønskjer han ikkje å seia noko om kor mykje ammunisjon og pengar som er forsvunne.

— Me håpar publikum kan hjelpa oss med opplysningar og observasjonar, seier Hauge.

Han fortel at politiet òg fekk melding om eit bilinnbrot i Svelgen søndag. Desse sakene kan ein kanskje setja i samanheng, seier operasjonsleiaren.