Sigrid Ellertsen (91) er fråstolen 59.000 kroner som låg i ei låst kommodeskuff i fjor. Anne Kristen Hamarhaug opplevde at faren blei utsett for tjuveri på dødsleiet i sommar, skriv avisa Kvinnheringen i dag.

Kommunestyrerepresentant Geir Arne Bjørkelund (Frp) frå Ølve skriv i eit brev til ordførar Bjarne Berge at politiet ikkje har avhøyrt ein einaste person i samband med tjuverisakene.

Fleire tjuveri er melde til politiet, andre har vegra seg for å melda pengetjuveri av frykt for represaliar frå dei tilsette ved alderspensjonatet og heimehjelptenesta, ifølgje Bjørkelund.

— Dette opplever eg som veldig vanskeleg. Det er tøft å jobba i eit miljø der nokre er mistenkte for tjuveri, seier soneleiar for Ølve og Hatlestrand, Grethe Revne til Kvinnheringen.