I tre dagar har ein beltegåande minidumpar frakta massar opp den tidlegare så fine hagestien av kvit singel, og lagt dei i ein svær haug på asfalten oppe i Hangursvegen. Helt nedst i hagen balanserer ein liten gravemaskin på forstøtningsmuren, og grev eit svært hol i den stupbratte «plenen». Når ein kum er sett ned, og vassmålar montert, skal mest mogeleg av massane fraktast same vegen ned att.

Mellom

Voss kommunestyre sitt bastante krav om vassmålar hjå alle abonnentar har gitt seg grotesk utslag for einebustaden til Asvard Skipenes.

På den tida dette huset vart bygt, var det ikkje vanleg med berre eitt inntak i huset og innvendig stoppekran. Vassleidningen forgreina seg utanfor grunnmuren til ulike kranar og tappepunkt inne.

— Skulle vi få til noko innandørs, utan å hogga opp heile kjellargolvet og legga om røyra, måtte vi montera 5-6 vassmålarar ulike stader i huset, opplyser røyrleggjar Magnar Vangen til Bergens Tidende. Hans firma har teke på seg jobben hjå Skipenes.

  • Kvifor gjer de ikkje det? Kommunen må vel kunne summera tala frå fleire målaravlesingar?

— Det finst ikkje opning for slike ordningar i forskriftene som kommunen har vedteke, seier Vangen.

Mellom

Og ganske riktig. Punkt 5 i forskriftene set som hovudregel at det berre skal monterast ein vassmålar for kvart hovudinntak. Om eigaren vil ha fleire målarar, til dømes ein til kvar leigetakar, skal kommunen berre forhalda seg til den eine ved hovudinntaket. Tala som blir avlesne, legg grunnlaget for rekninga som kommunen sender ut på vass- og kloakkavgift.

— Ein kum ved den utvendige stoppekranen nedst i hagen vart ståande som den beste løysinga for denne eigedomen, seier Vangen til Bergens Tidende.

Skipenes må med andre ord kliva ned i den rådyre kummen sin og lesa av målaren kvar gong kommunen skal skriva ut rekning.

Mellom

— Avlesinga er det minste problemet, seier Skipenes, som framleis er sprek pensjonist, men han kan ikkje skjøna at kravet om vassmålar må vera ufråvikeleg.

— Vi betalar i dag vass- og kloakkavgift ut frå storleiken på golvarealet inne i huset. Vi er fortalt at vi vil spara masse pengar når vi går over til å betala etter målar, særleg når vi berre er to menneske i eit høvesvis stort hus. Eg kan ikkje skjøna at vi ikkje skal få lov til å betala på gamlemåten. Kommunen vil ikkje tapa på det, tvert om, seier Skipenes.

Mellom

I Voss kommune er det berre kommunalsjef Ola Folkestad og leiaren for driftsavdelinga, Nils Een, som har høve til å uttala seg offentleg om saka. Ingen av dei såg seg i går tid til å snakka med Bergens Tidende, grunna møte på kontoret. Men vi fekk opplyst at Een skal ta ei synfaring i Hangursvegen i dag.

Administrasjonen i Voss kommune har i mange år gått inn for å innføra vassmålar i staden for avgift etter storleiken på huset. Hovudargumentet har vore at betaling etter målt forbruk er meir rettferdig. Men protestar frå huseigarar har fått kommunestyret til å nøla. Etter eit par manøvrar fram og attende, vedtok dei i 2003 å pålegga alle som er tilknytt kommunalt vassverk, og/eller kloakknett, å installera vassmålar innan 1. januar 2006 og betala årsavgift etter målar.

Den som ikkje lystrar, må betala dobbel årsavgift, ut frå eit stipulert forbruk fastsett av rådmannen.

DET KOSTAR Å VERALOVLYDIG: AsvardSkipenes måtte tilmed komplisertgravearbeid i bratthage for å innfriVoss kommune sittkrav om vassmålarfrå årsskiftet. FOTO: RUNE SÆVIG