Men no har Haukeland universitetssykehus letta på totalforbodet.

— På enkelte område av sjukehuset blir det no lov å bruke mobiltelefonen. Det er snakk om område som ikkje ligg nær sensibelt utstyr, så som til dømes inngangsparti, kafeteria og administrasjon, seier driftssjef Sverre Tinjar ved Haukeland.

Også ved Førde sentralsjukehus vurderer leiinga å lette på forbodet mot å bruke mobiltelefon.