Kraftverket skal nytte det 67 meter høge fallet i sjølve Brekkefossen, og ei elvestrekning på kring 500 meter vil bli berørt. Kraftverket blir eit reint elvekraftverk, og vil produsere ca. 16,4 GWh årleg.

NVE har også motteke søknad om konsesjon for bygging av kraftverk i Sandalselva i Gloppen. Det er selskapet Sandal og Fossheim Kraft AS som har søkt konsesjon for å nytte eit fall på 70 meter i sideelva til Breimsvassdraget. Årleg kraftproduksjonen vil bli rundt 13 GWH.