Dermed er det grønt lys for reising av rundt 45 vindmøller med inntil 90 meter høge tårn på Midtfjellet ovanfor Fitjar sentrum, så sant utbyggjar Fitjar Kraftlag og samarbeidspartnar Dong Energy i Midtfjellet Vindkraft AS finn økonomi i utbyggingsprosjektet til om lag 1,5 milliardar kroner.

Samstundes er det klart at Sunnhordland Kraftlag får konsesjon til å byggja ei kraftline over fjellet frå vindparken til Børtveit på Stord.

– Tett opp i byggjefelt – Dette var ikkje overraskande. Me er sjølvsagt skuffa over at departementet ikkje har teke omsyn til alle klagane som har kome, seier Kjell Nesbø, talsperson for Aksjonsgruppa vern om Fitjarfjellet.

– Dei tek det flottaste turområdet på Stordøya og byggjer det om til industriområde. Det er mykje nytta både av bømlingar, stordabuar og austevollingar.

Eit anna ankepunkt for aksjonsgruppa har vore støy og visuell forsøpling. Vindparken vil liggja 2-2,5 kilometer frå Fitjar sentrum.

– Vindmølleparken med dei største møllene som er moglege vil bli synleg frå heile Fitjar sentrum. Me er òg svært forundra over at dei legg parken tett opp i det største byggjefeltet i Fitjar med kring 500 menneske.

– Danskane ikkje velkomne Aksjonsgruppa er skuffa både over lokalpolitikarane i Fitjar som sa ja til vindmølleparken og over Fylkesmannen si handsaming av saka. Men slaget er enno ikkje tapt.

– Me er ikkje ferdig med denne saka og vurderer å klaga ho inn for Sivilom-bodsmannen. Fristen er i august, seier Nesbø.

– Ein ting er sikkert. Me har hatt undersøkingar i bygda, og dei viser at folket er i mot vindmøllene. Danskane som kjem og skal byggja dei, vil ikkje vera velkomne i bygda, sluttar Nesbø.

— Gledesdag

Fitjar kommunestyre har gått inn for vindparken på Midtfjellet, trass motaksjon og protestar frå naturinteresser. Departementet stadfestar no eit vedtak i NVE frå 19.februar i fjor.

– Regjeringa er svært oppteken av å få fart på utbygginga av fornybar energi. 3 TWh vindkraft skal realiserast innan 2010. Fitjar vindpark vil gi eit vesentleg bidrag med fornybar energi som er med på å styrkja forsyningstryggleiken. Vindkraftverket kan produsera straum som tilsvarar det årlege forbruket til crundt 22.500 husstandar, seier olje- og energiminister Åslaug Haga.

– Dette er ein gledesdag. Vi har feira tiårsjubileum for arbeidet med dette pro-sjektet, og er godt inne i vårt ellevte år, seier dagleg leiar Ole Vidar Lunde i Fitjar Kraftlag.

– Dette er eit veldig bra prosjekt. No skal vi arbeida med dei siste detaljane for å realisera det. No skal vi ut med førespurnad på vindturbinar og anleggsarbeid.

– Uansett er vi avhengige av ei støtteordning. Enova har eit vindktraftprogram der vi kan søkja om slik støtte, med frist i september, seier Lunde på telefon frå Danmark, der han er i møte med medeigar Dong Energy.

Kva synest du om vindmøllepark? Diskutér saka her.