Fylkesrådmannen hadde tilrådd motsegn mot reguleringsplanen, men eit klart fleirtal av politikarane gjekk mot dette.

Den einaste av dei ni representantane i utvalet som ville ha motsegn, var SV-representanten Norvall Nøringset. Alle dei andre støtte eit framlegg frå Arbeidarpartiet og Senterpartiet som går ut på at politikarane ikkje har merknader til planane.

Saka om eit besøkssenter for kunstnaren Nikolai Astrup har skapt veldig strid i Jølster. Innbyggjarane i kommunen er sterkt delte i spørsmålet om kvar eit slikt senter skal liggje.

Ly Arkitekter