–VI SER EIN SMITTEEFFEKT. Når først nokon bryr seg og investerer i fellesareal med høge kvalitetetar, så kjem andre etter, seier landskapsarkitekt Arne Smedsvig.

– No når det blir bygd så mange nye bustader, gjeld det å kunna tilby noko bra som skil seg litt ut. Uteområda kan vera avgjerande for dei som skal kjøpa, seier han.

– Det er viktig at kommunen krev kvalitet. Når kommunen stiller som vilkår at det må lagast ein utomhusplan for området, kjem utbyggjaren alltid til oss landskapsarkitektane for å be om hjelp. Problemet er at utbyggjaren ikkje alltid står løpet heilt ut. Kjem ikkje detaljane på plass, blir ikkje prosjektet vellukka, seier Smedsvig som har både gode og dårlege døme på nye utomhusprosjekt å visa til i og omkring byen.

NYLEG DELTE HUSBANKEN ut årets Byggeskikkpris til bustadområdet Pilestredet Park. På det tidlegare området til Rikshospitalet, midt i Oslo, er det skapt ein ny bilfri bydel med 1380 bustader. Juryen let seg imponera av den offensive miljøsatsinga i prosjektet som dei opplever som ein grøn oase midt i byen. Pilestredet Park blir sett på som eit føredøme for komande bustadprosjekt.

– Denne pristildelinga viser at dette er vegen å gå. Det må bli slutt på at fellesområda mellom bustadblokkene er salderingsposten i byggebudsjettet, seier Smedsvig.

Han meiner den aukande fortettinga i byane stiller nye og høgare krav til utomhusutforminga.

– Alle dei store utbyggjarane har relativt ferske svin på skogen, seier han, men mange kan også visa til gode miljø som skaper trivsel for dei som bur der.

– BOB, som er den flinkaste bustadbyggherren på våre kantar, gjekk føre med eit godt eksempel på Verftet og har nyleg satsa på kvalitet i J. L. Mowinckelsvei i Fyllingsdalen. På Nedre Nygard har same utbyggjaren buområde som det ikkje er grunn til å skryta av.

– I HANSAPARKEN og ved Stend Mølle er det lagt ned gode kvalitetar og NCC og Skanska viser for tida god vilje på fleire nye prosjekt. Veidekke og Storbergen Boligbyggelag brukte dessverre sparekniven i Kyrresborg burettslag i Sandviken. Vi la grunnlaget for utomhusanlegget der, men fekk ikkje detaljera området og eg er ikkje stolt av resultatet, seier Smedsvig.

Derimot viser han meir enn gjerne fram det vesle private bustadprosjektet Kalvedalsveien 44. Arvid Abrahamsen har bygd fem leilegheiter på ei svært trang og komplisert tomt. På det felles uteområdet på taket har byggherren late landskapsarkitekten utfalda seg.

– Mindre private byggherrar strekkjer seg gjerne lengst. Eg er imponert over den viljen Abrahamsen har vist til å skapa eit triveleg utemiljø, seier Smedsvig.

Han har laga levegger som skjermar mot den sundsprengde fjellveggen bak takterrassen og bygd store treformer som er til å sitja eller liggja på. I bedda på taket er det sett ned ulike grasplanter og klatreplanter som skal gjera taklandet grønt..

NYE UTEOMRÅDE finst svært ofte oppå ein garasje. Der må det plantast vekstar som kan leva i grunn jord og som tåler store temparaturskiftingar. Store tre er utelukka. For å kunna planta tre på Verftet fekk landskapsarkitekten BOB med på å senka taket i deler av parkeringshuset som ligg under gata.

– Det går fint med agnebøketrea som er viktige miljøskaparar i gateløpet. Dessutan synest eg dei små hagane framføre husværa i første etasje fungerer fint. Slike hagar er aktuelle i mange nye bustadområde, meiner han.

I tillegg til vegetasjon brukar Smedsvig svært gjerne materialar av tre i utforminga av utemiljøet.

–Vi prøver for tida ut gode alternativ til tropiske treslag. Norsk lauvtre som er behandla med oljer slik at materialen vert hard, viser seg å fungera bra.

GRUS er han også glad i.

– Vi tok for nokre år sidan grusen tilbake til byen. Først ved Johanneskirkeparken, så i Byparken. Grus er også brukt på gangvegane ved Stend Mølle. Der er det ei viss usemje mellom brukarane om grusen. Somme synest det er ei plage at han blir hengjande på skoa.

–Vi spøver å laga uteområde som treng lite vedlikehald. Men på andre sida er det positivt med vedlikehald. Då får ungane sjå vaksne folk i arbeid, og det opplever dei vanlegvis ikkje for ofte i sitt nærmiljø, seier Smedsvig.

Eirik Brekke
Eirik Brekke
Odd E. Nerbø
Odd E. Nerbø
Odd E. Nerbø