Iført heilgrønt skal sunnmøringen Hans Jakob Reite vise at også Førde har meir enn ei side.

Ein rundtur-performance på høgt turtal, i sentrum-siksak og med uventa haldeplassar.

Ironi og kjærleik

Alt er grønt: sminka i ansiktet, kjortelen i glinsande fløyel og trekassa han har på ryggen.

Ved hjelp av dette utstyret — pluss jolla «Bjarne» - skal Reite tale, rappe, deklamere og synge seg gjennom den utskjelte bygdebyen.

Blir det for mykje av sol eller regn undervegs, har han ein paraply til alle som blir med på turen. Grøn den også.

— Grønt er fargen på det umodne, det som er i vekst, seier den 50 år gamle kulturentrepenøren, lokalpolitikaren og sivilagronomen.

Debatten rundt arkitektur og byplanlegging i Førde har gått sidan tidleg på 1980-talet. Siste halvåret har det toppa seg i striden rundt byens nye landemerke: gangbrua i glas og rutemønstra metall gjennom lufta over den trafikkerte bilvegen mellom to kjøpesenter.

Det er så lett å flire av miseren Førde. Eller som omvisaren sjølv seier: det er vanskeleg å ikkje bli ironisk.

Men nett da du trudde du hadde funne ut alt som var med Førde, kjem det fram noko anna. Noko du ikkje visste, noko du aldri hadde sett før, noko som vart annleis frå den andre sida.

— Uansett om det er innfødde eller tilreisande som blir med, så vil dei få seg ei oppleving. I tillgg vil dei helt sikkert lære noko om Førde, og garantert bli litt overraska.

Barn av si tid

Sjølv reknar Reite seg for ekte førdianar.

— Du må jo vere tilflyttar for å kunne kalle deg det, seier 50-åringen, som snart har budd 20 år i bygdebyen.

Konseptet er bygd rundt ein spasertur i åtte-tal mellom dei tre bruene i sentrum, med tilbod om eit lite avbrekk i robåt innlagt undervegs.

Rundturen kostar 88 kroner pr. person i ei gruppe på maks åtte. Det heile er over på 88 minuttar.

På den tida har byvandrarane fått med seg åtte stopp der Reite stig opp på sitt grønnmalte skap og framfører ein tekst, remjar eit stev, tar ein rap eller kaklar fram eit jazzinspirert talekor for ein person.

— Gløym ikkje at byen har ei gammal historie som enno finst mange stader. Den er eit barn av si tid. Dette er ikkje berre ironi, men det er det også, gliser sunnmøringen, og tar oss med på ein prøvetur.

Første stopp er midt på Storehagen bru, der Reite stig opp på kassen og framfører den første teksten. Den er om tre totalt ulike bygg, både i alder, form og funksjon: Klakegg-huset, der det først vart drive handel i Førde. Statoil-stasjonen, eit tidstypisk 60-talsbygg med moderne Statoil-staffasje og dei tre delgenerasjonane som utgjer Førde hotell.

Historisk her også

Sidan går det slag i slag. Reite leier an, som ein travel reserve-Jesus ala Peter Pan.

Forbi ein telefonkiosk som faktisk fungerer enno, over ei bru. Opp i jolla for ein kort rotur over til odden der statuen av Oddvar Torsheim står.

— Ikkje mange Førde-folk har rodd på Jølstra. Det får dei no, proklamerer skipparen.

Over på andre sida får vi vite kvifor Torsheim-figuren står her, og ikkje i hagen til ein pensjonert bokhandlar. Også det eit resultat av typisk Førde-politikk.

Turen går vidare til det eldgamle sentrum, der elva gjekk i gamle dagar før den endra leie. Så til historia om alleen mot kyrkja, Domus-tragedien og Gamle-banken. Og eit stort skipsverft og ein flyplass plassert slik at bilane fekk vikeplikt.

Og sjølvsagt Lyskrysset, lenge det einaste i fylket. Før heitte det Stjerneplassen her. No er fortauet sjaina opp med pyntegrønt i betongpotter. Reite er allereie oppe på kassen, klar til jazzinspirert talekor om lyskrysset. Til motorbrøl og eksos.

Han slår ut med hendene og gliser i skjegget:

— Er vi i Førde, eller?!

ODDLEIV APNESETH
REKVISITTAR: Ei grøn trekasse til å stå på, ein skywalk i sikte og ei jolle på elva. Uansett fordommar lovar Reite ei lærerik og overraskande byvandring i den utskjelte bygdebyen.
ODDLEIV APNESETH
ODDLEIV APNESETH
ODDLEIV APNESETH