«Grøne tunnelar» blir dei ofte kalla, vegstrekningane der skog og busker har vakse til slik at dei stengjer for alt utsyn. No vil Fylkesmannen og Statens vegvesen gjere noko med desse vegstrekningane.

— Opne vegstrekningar vil gje auka oppleving av naturen og vere ein trivselsfaktor for dei som bur og ferdast i fylket. Det er også viktig med tanke på reiselivet, heiter det i oppmodinga som nyleg gjekk ut til alle kommunane.

Planen er at fram til 2008 skal nokre vegstrekningar ryddast for å ta tilbake utsynet. Omfanget av behovet for utsiktsrydding skal også talfestast.

Skogryddinga langs vegane er ein del av det større kulturlandskapsprosjektet «Opne landskap» som blei starta i vår. Her blir det arbeidd med å utvikle verkemiddel som hindrar attgroing. Prosjektet konsentrerer seg om tre nivå: Ope landskap gjennom aktiv landbruksdrift, opne turstiar og opne vegstrekningar.

I prosjektet skal Fylkesmannen samarbeid med fleire tiltak som alt er sett i gang i fylket. Mellom dei er «Spons ein sau» i Fjærland.