– Her er det rett og slett snakk om griseflaks, seier Kvalheim.

Kvalheim har spekulert i aksjar i 30 år, men aldri opplevd maken til fullklaff som han fekk med kjøpet i Pan Fish.

To veker etter at Kvalheim kjøpte dei første aksjane kunne han selje ut igjen med over fire millionar kroner i gevinst.

Kvalheim, som er majoritetsaksjonær og styreleiar i Champion Shipping i Bergen, kjøpte ein million Pan Fish aksjar 21. februar og ein ny million aksjar 28. mars.

– Eg fekk følelsen av at noko kom til å skje, seier Kvalheim.

Men at John Fredriksen like etter skulle kjøpe Marine Harvest og slå det saman med Pan Fish hadde han aldri venta seg.

Då han selde aksjane onsdag hadde verdien på aksjane stige med over 65 prosent.

Kvalheim har følgt Fredriksen i aksjemarknaden i fleire år.

– Det har vore ein fornøyelse å vere aksjonær med den mannen der, seier Kvalheim.

Småirritert investor

Med nedbetalt hus hadde Sture Rundhovde råd til å låne pengar og investere i aksjar. Sivilingeniøren frå Valestrandsfossen på Osterøy har kjøpt og seld aksjar i tre-fire år, men det er Pan Fish-aksjane som har gjort han til aksjemillionær.

I fjor byrja han å kjøpe seg opp i Pan Fish, og eig i dag aksjar i selskapet for over fire millionar kroner. Om han selde ville han innkassere rundt to millionar i gevinst etter Bergens Tidende si vurdering.

Rundhovde er irritert over at han ikkje byrja å kjøpe før.

– Eg er litt forbanna på meg sjølv, for dette med oppdrett er noko eg har tenkt på i fleire år.

Trur på Fredriksen

Rundhovde helsar John Fredriksen og oppdrettsgiganten Pan Fish/Marine Harvest hjarteleg velkomen.

Ein slik gigant kan styre produksjonen slik at prissvingingane på laks vert dempa, og ha ressursar til å utvikle vidareforedling av laks etter mønster av kylllingindustrien, meiner Rundhovde.

Begge delar vil redusere risikoen ved å investere i lakseaksjar. Faren for at kollapsen som fylgde etter førre opptur i oppdrettsnæringa er mindre når vi har store oppdrettsselskap på plass, meiner Rundhovde. Han trur ikkje at også Fjord Seafood blir langt inn under Pan Fish, men at den neste store samanslåinga i oppdrettsnæringa blir mellom Cermaq og Fjord Seafood.

Aksjeeventyr

Boomen i lakseaksjar starta då John Fredriksen sist sommar la 800 millionar kroner på bordet og kjøpte 48 prosent av aksjane frå DnB. Då var Pan Fish verdsett til 1,35 kroner per aksje. Onsdag enda kursen på 5,70 kroner per aksje, etter ein kursauke på 30 prosent på ein dag. I går vart Pan Fish handla til kursar mellom 5,84 og 5,20 kroner per aksje.

Heile oppdrettsnæringa har fått ein kraftig opptur sidan i fjor, og dei fire børsnoterte oppdrettsselskapa på Oslo Børs; Pan Fish, Fjord Seafood, Cermaq og Lerøy Seafood Group har no ein børsverdi på over 30 milliardar kroner når den komande utvidinga av eigenkapitalen på 5,5 milliardar kroner i Pan Fish er rekna med.

Ørjan Deisz
Tor Høvik