Minnestunda for dei pårørande i Vatlestraumen i føremiddag blei ein sterk, verdig og gripande seremoni. Like etter klokka elleve kom minesveiparen KNM «Alta» for sakte fart nordover Vatlestraumen. På staden der Rocknes havarerte, la minesveiparen seg til ro.

Reaksjonane var sterke. Sorga stod å lese i ansikta til filippinarane. Ein av dei pårørande, ei ung kvinne, braut saman. Kvinnas klagerop overdøyvde motorduren, og kunne høyrast til andre båtar i området, sjølv om dei heldt seg på god avstand av minesveiparen.

Frå eit tårn framme på bakken heldt to katolske prestar messe for døde sjøfolka. Under minnestunda stod dei 40 pårørande tett samla, mange av dei heldt rundt kvarandre. Med flagget på halv stang slo skipsklokka deretter tre ganger to slag. Etter dei seks slaga gjekk skipsklokka over i dempa kiming, og ein krans blei kasta på sjøen ved havaristaden.

Etter markeringa på plassen der «Rocknes» kantra, gjekk KNM «Alta» vidare nordover i Vatlestraumen til staden der dei tre siste overlevande blei redda ut av maskinrommet.

I ettermiddag har dei pårørande også besøkt Ågotnes for å sjå fartøyet som skulle bli siste reis for mange av deira familiemedlemer.

SORG: Reaksjonane var sterke. Sorga stod å lese i ansikta til filippinarane.
SCANPIX