Eksingedalen og Eidslandet har søkt om overgang frå Vaksdal til Modalen, og departementet har langt på veg gitt dei medhald i at argumenta er relevante. Difor er fylkesmannen i Hordaland beden om å greia ut saka.

Opningsmøte

Fylkesmannen opnar utgreiingane med dette møtet, der opplegg og framdrift av utgreiingane skal diskuterast.

Begge kommunane er innkalla, saman med initiativtakarane, Eksingedalen Bygdaråd og Eidslandet Grendalag.

Bygdefolket meiner Vaksdal har satsa lite på den nordre delen av kommunen, sjølv om mykje av kraftinntektene kjem herifrå. Dessutan er avstandane til kommunesenteret Mo kortare enn til Dale, og dei to Vaksdalsbygdene felles idrettslag med Modalen.

Modalen stiller seg positivt til endringa, Vaksdal negativt.

Kva meiner du om endringa? Sei di meining i kommentarfeltet under: