— Ølve og Hatlestrand er opne bygder der folk trivest og har det bra. Men vi kan øvast opp til å vera endå venlegare mot kvarandre og få det endå trivelegare, seier Vidar Rune Synnevåg, leiar for prosjektet som skal gjera Hatlestrand og Ølve varmare og trivelegare.

Grendalaget har fått 50.000 kroner i støtte til føremålet av prosjekt Trivselsgrenda i regi av Hordaland fylke. Første resultat av satsinga fekk bygdefolket tysdag kveld. På eit folkemøte på Hatlestrand gav psykolog Trond Haukedal frå Bergen Kompetansesenter gode råd om korleis dei to grendene kan utviklast i ei endå meir triveleg lei. Han deltek på folkemøtet på Hatlestrand.

— Vi må fokusera på den sosiale kompetansen. Korleis folk kan omgåast kvarandre på ein god måte er veldig inne i tida for bedrifter og skular. Det nye her er at også bygder tek dette opp, seier Vidar Rune Synnevåg.

— Våre bygder fekk gode skussmål frå prosjekt Trivselsgrenda. Derfor skulle vi ha eit godt utgangspunkt for å gjera Ølve og Hatlestrand til endå betre stader, seier Synnevåg.