Og tapet for Grei var greitt nok, sjølv om det er surt når oslolaget ligg sist på tabellen, og hadde null poeng før denne kam-pen.

Det gjeld å ha klart for seg at ein fotballkamp har to omgangar. Sjølv om ein ikkje får utteljing på gode sjansar før pause, derimot eit surt mål baklengs, er det lov å skapa noko i andre omgang også. Men Linderud Grei ville mest, og ytte mest.

Først heilt på tampen av omgangen sette vossajentene gjestene under press, men oslolaget avverja utlikning. Når sant skal seiast, var sjansane minst like store for at Linderud Grei skulle kontra inn eit mål til. Ein ball hamna i tverrliggaren.

Line E. Hauge sette inn kampens einaste mål i første omgang.

UGREI: Randi Himle vil gjerne scora mål, menLinderud Grei si målvakt Miranda Dalberg boksar ballen bort.
Arne Hofseth
KONTROLL: Målvakt Miranda Dalberg og Linderud Grei-forsvaret reid stormen av då Voss presse for utlikning på tampen av kampen.
Arne Hofseth