Det fortvilte sjikaneofferet gjekk til politiet og melde ekskjærasten for ærekrenkingar måndag 25. april. Den lokale Frp-toppen hadde hengt opp plakatar, spreidd flygeblad og hetsa henne på det grovaste på heimesida si og med tekstmeldingar.

Fire dagar etter, fredag 29. april, bad kvinna politiet også om å ileggje mannen besøksforbod.

Då hadde den forsmådde ekskjærasten bombardert henne med nye sms-ar der han heldt fram med å trakassere henne og den nye kjærasten.

Eit besøksforbod ville betydd at kommunepolitikaren ikkje fekk lov til å besøke henne, ringje henne eller på andre måtar ta kontakt.

— Eg gjekk på lensmannskontoret og sa at eg ville dei skulle gjere noko med ein gong. Det var jo då dette var så ille, seier kvinna.

Elleve dagar etter har ingenting skjedd.

«...fjerne ALT du er glad i»

— Vi har ikkje tatt stilling til spørsmålet ennå. Eg håpar vi får gjort det i løpet av veka, seier politiadvokat Benedikte Høgseth. Ho fekk saka på pulten sin før helga, og var i går oppteken i retten.

Kvinnas advokat meiner dette ikkje er godt nok.

— Heile vitsen med eit besøksforbod er å få det på plass med situasjonen er akutt. Her var grunnlaget klart til stades, seier advokat Eva Drageset, som aldri før har sett maken til hetskampanje.

Den trakasserte kvinna har følt seg fullstendig knekt av Frp-toppens trakassering.

Måndag 2. mai - tre dagar etter at ho hadde bedt om besøksforbod - var ho i kontakt med eksen på nettet, via ei chatte-teneste.

«Tro meg, du vet ennå ikke hva jeg kan ødelegge», skreiv ekskjærasten då, og heldt fram: «dersom jeg ville kunne jeg fjerne ALT som du er glad i, huset, ungene og (....). Men det gjør jeg ikke».

- Er eit lite inngrep

— Her er det snakk om plagsam framferd, ikkje trugslar om valdsbruk. Ved fare for vald vil sakene få ei raskare handsaming, seier politiadvokat Høgseth.

— Men kvinna opplever hetsen frå mannen som svært belastande?

— Spørsmålet om besøksforbod er ikkje tatt stilling til, det er alt eg kan seie om denne saka, seier Høgseth.

Advokat Line Ingebrigtsen, som har representert mange kvinner i liknande situasjonar, reagerer på at slike saker blir liggande.

— Vi ser det dessverre alt for ofte. Slike saker må handsamast med ein gong, av vakthavande politijurist, seier Ingebrigtsen.

— Når saka blir liggjande, kan offeret heller ikkje klage henne inn for retten. Heile prosessen stoppar opp.

Ingebrigtsen legg vekt på at eit besøksforbod er eit lite inngrep overfor mannen som står bak sjikanen.

— Så lenge det ikkje er snakk om forbod mot å opphalde seg i sin eigen heim, og det heller ikkje skaper vanskar for omgang med eigne barn, er konsekvensane for vedkommande små, seier Ingebrigtsen.