Arne Hauge frå Halsnøy var åleine om å røysta for framlegget sitt om å føra Aksel Kloster opp på andreplass på Ap-lista til haustens val.

Hauge er aktiv i Ferjeaksjonen på Halsnøy som har skulda Kloster for illojalitet i kampen for eit tenleg ferjesamband med Stord. Arne Gjerde (V), også han sentral i Ferjeaksjonen, har bede Kloster trekkja seg, mest på grunn av engasjementet i Endre Rundhovde-selskapets aktivitet i Skånevik.

— Aksel har gjort og gjer ein viktig jobb for kommunen. Det var ingen tvil i nominasjonskomiteen om hans kandidatur, seier formann i Kvinnherad Ap, Øyvind Hardeland.

— Aksel Kloster har vore ordførar i Kvinnherad dei siste to periodane. Han var sjølv til stades på nominasjonsmøtet saman med 23 partifeller.

Utanom Kloster er tre kandidatar kumulerte. Det er Synnøve Solbakken, Erling Boland og Åse Engelsen. Boland er den einaste nye i kommunestyresamanheng. Ap har i dag 11 representantar i kommunestyret.

Bak dei kumulerte følgjer Øyvind Hardeland, Hans Håland, Ann Kristin Næss, Lars Magnar Bjelland, Ingemund Løland og Hanna Cathrine Slåke.

OMSTRIDT: Ap-ordfører Aksel Kloster i Kvinnherad