— Det var ikkje staten som laga forureining i Bleivika. Vårt utgangspunkt er at eigaren skal betale dei kostnadene staten har hatt, seier direktør Joakim Lystad i beredskaps- og kontrollavdelinga i Statens Forurensingstilsyn (SFT).

Det var 15. desember 2000 at det norskeigde fryseskipet fekk vanskar med framdrifta på det opne havstykket Sletta nord for Haugesund. Fartøyet dreiv inn i Bleivika, der det gjekk på grunn.

Rekninga klar

Grunnstøytinga førte til at det blei slått full alarm. Skipet hadde bunkra i Bergen på veg sørover, og hadde over 400 tonn tungolje om bord. I tillegg var fartøyet fullasta med frosenfisk.

Det interkommunale utvalet for akutt forureining i Nord-Rogaland og Sunnhordland leia oljevernaksjonen i Bleivika og på tilgrisa strender i nærområdet. Statens Forurensingstilsyn (SFT) hadde ansvaret med å tømme båten for olje og rotnande fisk, og leia også arbeidet med å fjerne både last og vrak.

Først sist haust var arbeidet med å fjerne vraket fullført. Undersøkingar gjort av tekniske ekspertar etter at vraket var heva, kasta ikkje nytt lys over havariet. Opplysningane som kom fram alt i sjøforklaringa kort etter havariet, om at eit røyr i maskinrommet sprakk og gjorde at skipet mista framdrift, har dermed blitt ståande som havariårsak.

Bør betale alt

No er rekninga klar. Oljevern- og naudlosseaksjonen kosta 31,1 millionar kroner. Hevinga og fjerninga av vraket kom på 55,3 millionar. Totalt altså 86,4 millionar.

I SFT let dei det ikkje vere tvil om at dei meiner eigaren bør betale alt.

— Så får det heller bli opp til reiarlaget å argumentere mot, seier direktør Lystad.

Men ein kopi av rekninga er også sendt begrensingsfondet. Dette er ei ordning etter sjølova, der ein skipseigar kan ha høve til å avgrense ein erstatning han er ansvarleg for.

— Vi reknar vel med at reiarlaget vil argumentere mot at dei skal betale heile ryddeaksjonen, seier Joakim Lystad.

Har tapt 50 mill.

Dei siste ti åra har staten tapt kring 50 millionar på at skipseigarar ikkje har betalt rydde-rekningane etter forlis.

— Ein av dei viktigaste årsakene er at det kan vere vanskeleg å finne dei reelle eigarane til utanlandske skip. I nokre tilfelle der utanlandske fartøy har havarert i norsk farvatn, har vi rett og slett ikkje funne ut kvar rekninga skal sendast, opplyser SFT-direktøren.

15. desember 2000 gjekk det norske fryseskipet "Green Ålesund" på grunn i Bleivika nord for Haugesund. Oppryddinga etter havariet kosta 86,4 millionar kroner.
Foto: Roar Christiansen