— Saka kan føra til at bompengesøknaden for Hardangerbrua ikkje rekk fram til handsaming i fylkestinget midt i desember. Og rekk vi ikkje det, får vi heller ikkje Hardangerbrua opp til handsaming i Stortinget til våren. Då må vi venta til neste stortingsperiode, seier styreleiar i Hardangerbrua AS, Einar Lutro, til Bergens Tidende.

Saka kjem som ein stein gjennom ruta hjå tilhengjarane av Hardangerbrua, nett no når dei sju brukommunane er i ferd med å få på plass vedtaka om auka finansielt bidrag til bygginga.

Nær tunnelmunningen

Det har seg slik at fylkeskommunen i gjorde arkeologiske granskingar innanfor planområdet til Hardangerbrua på både sider av Hardangerfjorden. På Bu-sida, i Ullensvang herad, vart det funne haugar av stein som kan vera restar av gravminne. Desse ligg svært nær tunnelmunningen som fører frå brua og inn til hovudvegen. Fylkeskommunen sende difor saka over til Riksantikvaren med tilråding om dispensasjon frå kulturminnelova, slik at godkjenninga av reguleringsplanen for brua kunne gå sin gang.

Saka måtte strykast

— Høyringsperioden for reguleringsplanen gjekk frå 1. juli til 1. november. I Ulvik, Granvin og her i Ullensvang var vi klare til å handsama reguleringsplanen. Men i heradsstyret i går måtte vi stryka saka om reguleringsplanen for Hardangerbrua frå saklista. Grunnen til det var at Riksantikvaren har bede om to veker ekstra til å sjå på saka om denne gravrøysa. Så lenge fristen går, kan ikkje reguleringsplanen vedtakast. Og utan godkjent reguleringsplan kan vi heller ikkje senda inn bompengesøknad, seier Einar Lutro.

- Torer ikkje tenkja på

— Men Riksantikvaren kan vel og seia nei til dispensasjon, slik at reguleringsplanen ikkje kan godkjennast slik han ser ut no?

— Skjer det, må reguleringsplanane arbeidast om. Så spørst det kor omfattande det vert. Då kjem vi i alle fall over i neste stortingsperiode før brua kan handsamast i Stortinget. Nei, det torer eg nesten ikkje tenkja på, seier Einar Lutro.

UVENTA HINDRING: Gamle graver kan føra til at handsaminga av Hardangerbrua må venta til neste stortingsperiode. ILL: STATENS VEGVESEN