— Gardsdrifta er avhengig av areal. Mister vi dette beiteområdet, mister vi også mykje av næringsgrunnlaget vårt, seier ekteparet Bodil Myklestad og Jan Askeland.

Dei to gardbrukarane i Blomsterdalen vart svært overraska då dei før jul oppdaga at garden deira var inne i kommuneplanen sin arealdel. I samband med bygging av ny kyrkje i Blomsterdalen vil kommunen inndra eit 18 mål stort område, om lag 1/5 av brukt areal på Myklestad gård. Kommunen vil at beitet skal bli grav- og urnelund.

— Kyrkja har vore planlagt i fleire tiår, og er sterkt velkomen. Deler av kyrkjetomta var i si tid gjeve av foreldra mine. Men noko gravplass har det ikkje vore snakk om tidlegare, seier Bodil Myklestad.

Populært friluftsområde

Ho overtok garden i 1985, og har på desse åra gjort endringar og utvikla drifta. For eit år sidan gjekk dei over til rein sauedrift, med 60 vinterfora sauer. I tillegg har garden sju hestar, og driv eige gartneri med planteutsal i sommarhalvåret. Gardsbruket ligg i eit ynda område for rekreasjon, med turstigar, ridevegar og hinderløype, og er mykje brukt av skulane og barnehagane i området.

  • Vår filosofi har heile tida vore at den viktigaste måten å bevare denne garden på er ved å opne opp, seier Bodil og Jan.

Dei meiner kommunen burde vurdere andre alternativ før dei grip inn i gardsbruk som framleis er i drift.

— Vi meiner det er viktig å ta vare på slike grøne lunger i den vidare utviklinga av Blomsterdalen.

Garden som skuleplass

Dei siste seks åra har garden i tillegg fungert som ein alternativ læringsarena for born med lære- og tilpassingsvanskar. Her får borna ta del i gardsdrifta, og vere med i sauestell og andre daglege gjeremål, kombinert med skrive- og lesetrening.

— Arbeidet og opplevingane på garden er bra for desse borna. Dei blir flinkare i sosialt samspel, dei opplever ei kjensle av meistring og empati gjennom kontakt med dyra, meiner Bodil Myklestad.

Og borna ser ut som dei stortrivst. I blå kjeledressar boltrar dei seg i snøen med sanktbernhardshunden Matti.

— Dette er den kjekkaste dagen i veka, seier sjuandeklassingen Frode.

På Myklestad får han og dei andre utløp for all energien som boblar i dei.

Høyringsfristen snart ute

Drengstova på tunet er bygd om til skulestove, og kvar veke er seksten elevar innom.

— Dette er eit uvurderleg tilbod. Vi har per i dag ikkje noko anna alternativ skulelokalisering, seier spesialpedagog Hanne Steen, som i lag med Bodil Myklestad har ansvar for opplegget.

Steen meiner tilbakemeldingar frå foreldre og lærarar viser at prosjektet har lukkast.

— I ¾ av tilfella merkar foreldre og lærarar ein positiv effekt på borna. Dei har fått meir sjølvtillit, seier ho.

Myklestad og Askeland har sendt brev til kommunen, der dei fortel om gardsdrifta og konsekvensane inngrepet vil få.

— Eg forstår at vi ikkje kan sikre garden for evig tid. Men eg vil ikkje gje opp utan kamp, seier Askeland.

Høyringsfrist for kommuneplanen er sett til 1. februar, og kommunen vil ikkje seie mykje om dei enkelte høyringsinnspela før fristen har gått ut.

— Poenget med ei høyring er å få innspel frå råka partar, og høyringsforslaga vil bli med i dei vidare vurderingane, seier Mette Iversen i Plan- og miljøetaten i Bergen kommune.

Rune Berentsen