Medlemsmøtet måndag kveld vona å kunne gjera unna pina på eit par veker, men vedtektene krev fire vekers varsel for ekstraordinært årsmøte.

— I samsvar med fullmaktene vi fekk på medlemsmøtet, kallar styret inn til nytt medlemsmøte 24. mars og omframt årsmøte 11. april, opplyser partileiar Bjørn Inge Folkedal.

— Vi vil ikkje risikera at vedtak vert underkjent grunna formelle feil, legg han til.

Ny sjanse

Medlemsmøtet 24. mars gir medlemer som har ork til å delta i politisk arbeid for Ap i Granvin ein sjanse til å stilla liste. Ei valliste med minst sju namn må leverast seinast 31. mars.

Sjansane for Ap-liste til valet i haust blir sett på som mikroskopiske. Etter mykje strev hadde partiet ei minimumsliste klar, men seks av dei sju trekte seg då Hordaland Ap snudde i mastesaka.

Partidød eller djup søvn

Årsmøtet 11. april vil vedta avvikling av Granvin Ap, i alle fall for fire år.

På medlemsmøtet måndag vart alternativet med eit sovande parti lansert. Det vert vurdert om det ekstraordinære årsmøtet kan velja eit minimalt styre, eventuelt etter vedtektsendring, slik at partilaget eksisterer på papiret og framleis har organisasjonsnummer i Brønnøysund.

Pause

Fleire medlemer gav uttrykk for sosialdemokratisk sinnelag, og kan tenkja seg å melda seg inn att etter ein pause. Men først vil dei sjå om partileiinga held fram med råkøyr mot lokaldemokratiet i mange saker som står for tur rundt om i landet.

SKJEMATØRSTE: Utmeldingsskjema var minst like ettertrakta som småkakene på medlemsmøtet. Men styret sitt skjema vil vera blankt til ekstraordinært årsmøte er avvikla på forsvarleg vis. FOTO: Arne Hofseth