Hittil i år har 200 av i alt 450 Klevenstilsette i Førde og Florø fått oppseiing grunna ordretørke. Berre dei med lengst ansiennitet får halde fram inntil vidare i Florø, der siste båt går ut om eit halvt år, utan at nye ordrar er sikra.

Det er dramatisk for Sogn og Fjordane det som no skjer i Sunnfjord. Hjørnesteinen i industrireisinga kan bli borte for godt, med store ringverknader til underleverandørar, og i neste omgang til lokale bankar og kommuneøkonomi.

— Det kjennest som eit gravøl seier Richard Kahrs til avisa Firda. Han er ein av dei 200 som hittil i år har fått oppseiing ved Kleven i Sunnfjord og som ser slutten fredag 13. juni.

Sentrale styresmakter har samanlikna vilkåra for skipsbygging i Norge og i konkurrentland. Næringsminister Ansgar Gabrielsen har lita trøyst å gi Klevenverftet, som til no har vore konkurransedyktige på bygging av spesialskip:-Skrogbygging er eit ferdig kapittel i Norge, seier næringsministeren.

I den tomme verftshallen i Førde står det skrive: Sic transit gloria mundi, eller «Slik forgår all jordisk prakt».

Og det har vore eit praktverft som no bukkar under i Sunnfjord, i den nedleggingsbølgja som rammer norsk industri på grunn av tapt konkurranseevne.

Det heile starta i 1971 med Ankerløkken. Så vart namnet Førde Maritime Industrie, Kleven, Kværner Kleven og endeleg Kleven igjen.

Fredag 13. juni forlet «Bow Firda» dokka i Førde. Så er det slutt.