Førde kommune ønskte å vere i forkant av utviklinga, og tok omsyn til at ein veksande del av befolkinga er muslimske av tru. Så då kommunen opna Blomreina gravplass i 2003, var det med eit eige felt sett av for muslimar.

Men Bjørgvin bispedømmeråd godkjende planteikninga av den nye gravplassen med samtlege av dei meir enn 70 gravene peikande i feil retning.

Oppdaga under gravferd

Etter islamsk skikk skal den døde ligge gravlagt på si høgre side, vend med ansiktet mot den heilage staden Mekka. Men på det muslimske gravfeltet i Førde låg gravene med lengdeaksen mot Mekka, og dermed stikk motsett den vegen dei skal.

muslimgravplass-6064.jpg
Oddleiv Apneseth

— Ved ei gravferd i fjor, reagerte fleire av dei som var til stades. Ein muslim kjenner bøneretninga, og folk såg at grava ikkje låg rett, fortel Asiyah Zarghoon, talskvinne for Førde islamske senter.- Vi som trudde vi hadde fått eit gravfelt etter muslimsk skikk og at alt var i orden.

Blomreina gravplass er teikna av landskapsarkitektane Grindaker AS i Oslo, og vart tatt i bruk i 2003. Då fadesen vart oppdaga, tok Førde kyrkjelege fellesråd affære. No har arkitektane levert ei ny planteikning, der gravene no er lagt i korrekt retning – altså dreia 90 grader i høve den opphavelege.

Seks graver feil veg

Kyrkjeverje Oddvar Etnestad i Førde stadfestar at seks graver på det muslimske feltet allereie er tekne, og dermed blir liggande feilvende.

Han seier at alt no skal vere i orden til neste muslimske gravferd. I eit brev til Bjørgvin bispedømeråd skriv han at Førde islamske senter er orientert om endringane og at dei seier seg nøgde med løysinga. Noko også Asiyah Zarghoon stadfestar overfor Bergens Tidende.

— Det som er gjort er gjort. Dei gravene som er tekne i bruk, kan vi ikkje gjere noko med. Men den nye planen ser ut til å vere rett, seier Zarghoon.

— Vi håpar no på å få vere med litt meir når det er spørsmål knytt til gravfeltet vårt. Samtidig er vi svært takksame for at vi har fått ein slik plass her.

- Ikkje likefram

Kyrkjevergje Oddvar Etnestad seier det heile er gjort i beste meining, men at det vart feil.

— Det er ikkje heilt likefram, dette med retninga. Då gravplassen vart planlagd, var vi sjølvsagt klar over at gravene skulle vende mot Mekka, seier Etnestad.

Det muslimske feltet vart prosjektert med lengdeaksen på gravene peikande i retning den muslimske heilagstaden, noko ein meinte var det religiøst korrekte.

— Men den muslimske skikken er å gravlegge avdøde liggande på si høgre side, slik at det er ansiktet og ikkje sjølve kroppen som vender i retning Mekka, seier han.

Rører ikkje eksisterande

Med andre ord stikk motsett himmelretning enn det blir med lengdeaksen på grava peikande mot Mekka.

Etnestad fortel at seks av gravene i det muslimske feltet var tekne då feilen vart oppdaga. Det er ikkje aktuelt å røre nokon av desse, men dei 66 øvrige gravene i feltet er no snudd 90 grader på planteikninga over gravplassen.

Kun tre personar er så langt gravlagt på den muslimske delen av gravplassen. Dei tre øvrige gravene som ikkje er snudd, er i følgje Etnestad klemt inne og «fanga» mellom dei tre andre.