Misforståinga skuldast truleg at kvinna som eigentleg skulle ha brevet, har fødselsdag samme dato som treåringen.

— Eg hadde ikkje trudd at slikt var mogeleg. Men me har jo hatt mykje moro av dette, då, og spøkt til både venner og familie om at me no skal bli "besteforeldre", seier Inga Amalie si mamma, Nina til Bømlo-Nytt.

Nina Vorland undrar seg over at feilen ikkje blei oppdaga før brevet var sendt.

— Alle data stemmer, både namnet til Inga Amalie og fødselsdatoen. Det kjem tydeleg fram at ho er fødd i 1998, og då kan ho jo vanskeleg vera gravid, påpeikar Nina Vorland med eit smil.

Bømlo-Nytt rapporterer at vesle Inga Amalie er svært lite oppteken av si vordande morsrolle, sjølv om ho klart viser teikn på morskjensle der ho puslar omkring i heimen med dokka si, Klara.