OVE ARNE OLDERKJÆR

Om det er aldri så grått på utsida, er huset plassert i irrgrøne Rosendal-omgivnader og er kvar einaste seinsommar omgitt av fargerike og flotte rosebed.

Poenget med denne epistelen er at det er massevis av farge på det som rører seg innomhus óg. Iallfall kvar gong politikarane er der på gruppe-, komité-, formannskap— eller kommunestyremøte.

I dette huset - felleseige for ein svær og motsetnadsfylt kommune med 13.200 innbyggjarar, tolv kyrkjesokn og 1137 kvadratkilometer land på begge sider av Hardangerfjorden - blir det utøvd politisk handverk av ein karakter som stundom gir gjenlyd langt utanfor kommunen sine vide grenser.

FOLGEFONNTUNNELEN, Jondalstunnelen og Aksel Kloster er tre tema som har skapt massevis av kiving og engasjement. Lokaliseringsstridar mellom erkefiendane Husnes og Rosendal har det vore mange av, og fleire vil garantert koma. Mange hevdar at det er nettopp denne bygdemotsetnaden som ligg bak all politisk strid i Kvinnherad.

Nokre av oss hugsar den langvarige tautrekkinga etter kommunevalet i fjor haust, då det gjekk vekevis med krisemøte, fraksjonsmøte, inn- og utmeldingar før Bjarne Berge endeleg blei valt til ordførar etter Aksel Kloster. Berge er Tverrpolitisk liste sin leiar som slo seg opp på motstanden mot den no for lengst etablerte og trafikkveksande Folgefonntunnelen.

Kalamitetane i fjor haust førte til utmeldingar frå både Senterpartiet og Arbeidarpartiet. Det enda i eit kommunestyre med fire uavhengige representantar. No får dei følgje av ein femte. Halsnøybuen Arne Hauge føler at han ikkje får støtte frå partiet han sist blei innvalt for (Tverrpolitisk) i sin ihuga kamp mot det Hauge oppfattar som eit altfor sterkt rådmannsvelde i kommunen. Tidlegare har Hauge brote med Ap og SV.

KVINNHERAD-POLITIKKEN byr altså på fleire taleføre og fargerike halsnøybuar enn Aksel Kloster. Ein av dei heiter Ove Benjaminson. Han representerer Framstegspartiet og er leiar i forvaltningskomiteen. I midten av september var han så frisk i uttalane på eit komitémøte at han etterpå måtte krypa til krossen og be om orsaking.

Klagen frå ein Halsnøy-bonde på ein planlagt forstøtningsmur i nabolaget avfødde følgjande utsegn frå komitéleiaren, ifølgje lokalavisa Grenda: «Eg vel å oversjå denne klagen. Vedkomande er den person som har soge mest ut av jorda på Halsnøy utan å gje noko tilbake. Eg tar ikkje denne personen seriøst, Han må jo bruka støvlar for å sjå muren».

Det blei for fargerikt og friskt også for Frp-gruppa. Og etterpå valde Benjaminson å offentleg seia seg lei for at han med uttalane sine hadde sett enkeltpersonar og forvaltningskomiteen i eit dårleg ljos.

DEN SAME OVE BENJAMINSON kom i eit språkleg uheldig ljos også i 2002. Den gongen sende han på vegner av Hordaland Frp ut ei pressemelding der partiet kravde at innvandrarar måtte læra seg norsk. Pressemeldinga inneheldt 15 feil på seks liner, og resulterte i førstesideoppslag i Bergensavisen.

Halsnøybuen var ikkje svar skuldig då heller, og møtte kritikarane med at han og fadesen i det minste kunne hjelpa til med å gje folk med lese- og skrivevanskar eit andlet.

For alle som tykkjer lokalpolitikk er kjedeleg; dra til Kvinnherad. Finn fram møteoversynet på kommunen sine nettsider og vel deg ut eit møte som du kan oververa. Førstkomande torsdag er det til dømes formannskapsmøte. Kommunestyret samlast siste torsdagen i kvar månad. Grå saklister treng ikkje bety fargelause debattar i denne kommunen.