– Det er viktig å visa sentrale styresmakter at vi står samla, seier leiaren av Forum Nye Bergensbanen, ordførar Torleif N. Dalseide i Ål.

Framlegget til Nasjonal Transportplan har gjort lobbyverksemd enda viktigare. Det blir kamp om kvar krone.

To byggjesteg av dobbeltsporet mellom Bergen og Arna er sikra i planen. Med 20 prosent auke i ramma er også siste biten på plass. Men Ringeriksbanen er berre tilgodesett med ei lita oppstartsløyving i 2019. Og pengar til Arna-Voss er gjort avhengig av at prosjektfinansiering kan gje innsparingar austpå.

  • Buskerud fylkeskommune har bladd opp 100.000 kroner til spleiselaget for ein prosjektleiar (les: lobbyist) til å jobba for Bergensbanen når sentrale politikarar skal drøfta transportplan og høgfartstog.
  • Rogaland fylkeskommune har sett seg i førarsetet for eit tilsvarande prosjekt for riksveg 13 mellom Moskog (Førde) og Sandnes, i regi av Interesseselskapet Fjordvegen.
  • Kommunane langs dei to samferdsleårene er med på spleiselaga.
  • Men Hordaland fylkeskommune seier nei. Av prinsipielle grunnar.– Det transportpolitiske arbeidet bør i størst mogeleg grad forankrast og gjennomførast innanfor dei fylkespolitiske organa, skriv fylkesrådmannen i ei innstilling.

Ordførar Dalseide seier at han vil ta ny kontakt med Hordaland, og gje fylkeskommunen ein ny sjanse. Skulle dei halda fast på avslaget, vonar han at tida som gratispassasjer ikkje varer i meir enn eitt år, at Hordaland blir med frå 2009.

Han ventar positivt svar frå Bergen kommune når dei har handsama saka.