Men både oppslutninga og ølkonsum viste seg å vere langt frå det arrangørane såg føre seg.

– Vi var langt, langt under dei målsetnadene som Tall Ships' Races-komiteen skisserte på førehand, seier salsdirektør Lasse Eliassen i Hansa Borg Bryggerier AS.

Ville ha enda meir gratis øl

Som arrangør trong Tall Ships' Races Måløy (TSRM) drikkevarer både til sine eigne, lukka arrangement og til sal på opne publikumsarrangement. Dei innleia forhandlingar med Hansa Borg i god tid, og hausten 2007 spissa forhandlingane seg til.

Bergens Tidende kan dokumentere at prosjektleiar i TSRM, Helge Hjelle, berre motvillig aksepterte avtalen med Hansa. Hjelle ville aller helst hatt endå større mengder med gratis øl.

«Vi har fått signal på at vi vil få rekordartet deltagelse, derfor trenger vi mer øl for å dekke behovet på crew party», skreiv Hjelle pr. e-post etter å ha fått Hansa sitt tilbod.

Men salsdirektøren i Hansa seier stopp:

«(...) føler vi har strukket oss relativt langt i dette tilbudet. (…) tror TSR Måløy kan være godt fornøyd med det forslaget som foreligger».

I sitt svar beklagar Hjelle at Hansa ikkje vil «løfte sitt tilbud», men melder at organisasjonskomiteen har vedteke å godta det som ligg føre.

11. desember 2007 i Bergen vart den endelege og konfidensielle avtalen mellom partane underteikna.

**_Les også:

Nektar tru at annakvar øl gjekk gratis_**

Meint for lukka festar

Her blir Hansa Borg gjeve einerett mot å levere 8600 liter øl, 150 flasker vin pluss diverse andre drikkevarer gratis.

Elles sikra avtalen TSRM aukande rabattar på alt øl ut over dette, avhengig av volum. Ølet skulle arrangøren sjølv omsetje i provisoriske telt.

Ifølgje kontrakten var gratisølet meint for interne, lukka arrangement på skutene og for dugnadsgjengen i etterkant. Men som Bergens Tidende fortalde laurdag, fortel fleire kjelder om at gratis øl verserte også på arrangement som var opne for publikum.

– Dette blir jo i så fall arrangørens ansvar. Vi må kunne stole på at den andre part held sine forpliktingar, seier salsdirektør Lasse Eliassen i Hansa Borg.

Over disk i serveringstelta hadde gratisølet frå Hansa Borg vore verd godt over ein million kroner.

**_Les også:

– Brukar aldri øl som sponsorbidrag_**

Halvparten kom i retur

Eliassen understrekar at dei gratis drikkevarene var meint til interne arrangement som arrangøren var pålagt å halde.

– Om lag halvarten av dette ølet kom i retur til oss, seier salsdirektøren.

Også på det ølet som skulle seljast til publikum, bomma arrangøren kapitalt. På dei fire dagane arrangementet varte, omsette dei 11.000 liter boksøl og 3800 liter øl frå tappekran.

– Dei bestilte godt over det doble. Også her måtte vi ta halvparten i retur, fortel Lasse Eliassen.

Han fortel at Hansa Borg har vore leverandør til fleire Tall Ships' Races-arrangement, og at dei aldri har opplevd at nokon har bomma så grovt. Uansett er det vanskeleg å samanlikne.

– Tall Ships i Bergen var eit heilt anna arrangement. I Måløy ville arrangøren sjølv ha hand om skjenkinga, medan det aldri var diskutert eksempelvis under arrangementet i Bergen.

Eliassen opplyser vidare at Hansa Borg har svara alkoholavgifter på alt ølet som gjekk til Måløy, inkludert det ølet Hansa gav gratis som sponsorbidrag.

Helge Hjelle, som altså var prosjektleiar for Tall Ships' Races Måløy, ønskjer ikkje å kommentere saka i det heile.

fakta Tall Ships' Races Mål­øy

  • Som den minste staden nokon gong var Måløy i fjor vertshamn for Tall Ships' Races. Vågsøy kommune garanterte for økonomien.
  • Utgiftene kom heilt ut av kontroll. Seglskutefesten gjekk med over 15 millionar kroner i underskot.
  • Resultatet er økonomisk katastrofe for kommunen med berre 6000 innbyggjarar. Rekneskapen blir no granska, og skal opp i kommunestyret.
ARKIVFOTO: ØYSTEIN TORHEIM