• Veldig flott ved, forsikrar Kjell Sælensminde. Bergen-Bjørgvin Lionsclub sprer varme når dei deler ut gratis ved til eldre som bur i kalde hus.

Januarnissen er ikkje som andre nissar. Han har blått arbeidsantrekk og køyrer VW Shaman.

Og i sekken?

— Importert bjørkeved. Veldig flott ved, forsikrar Kjell Sælensminde, Lions-nisse med lisens til å dele ut gratis ved til eldre og frosne i Bergen.

I løpet av ei økt i går bar han og kollegaen Jon Teigen ut tretti sekker. Det er Slumsøstrene som leverer ut lister over eldre bergensarar som kan trenge ein vedsekk eller tre å varme seg på.

— Ein del eldre bur i kalde hus, har lite å rutte med og problem med å halde varmen Vi blir alltid godt mottekne når vi kjem med ved, fortel dei to.

I boden til Sylvia Buhrmann i Sandviksveien står berre ein einsleg, halvtom vedsekk igjen. Den har ho spart på lenge.

— I stova er det sytten grader, på alle andre rom sju grader, fortel 56-åringen, som alltid går med ullgensar, strømpebukse og filttøflar innandørs.

— Eg sparar på straumen. Etter at eg vart trygda, har eg ikkje så god råd og må vere forsiktig.

Heretter treng ho ikkje vere fullt så sparsommeleg med fyringsveden. I går føremiddag vart tre fulle 60 liters sekker levert rett i vedboden.

Lionsklubben har delt ut gratis ved for nær 30.000 kroner i Bergen i vinter, og til saman 300 sekker har varma frostige og trengande i jula. Om etterspørselen blir like stor i resten av sesongen, er avhengig av fleire faktorar.

— Det kjem an på gradestokken og kva BT skriv om straumprisane, ler Teigen og Sælensminde.

FYRER MED VED: Ikkje rart at Sylvia Buhrmann er fornøgd. Ho er blitt tre gratis vedsekkar varmare etter at Kjell Sælensminde (t.h.) og Jon Teigen frå Bergen-Bjørgvin Lionsclub kom på visitt i går.<p/>FOTO: HELGE SUNDE