Først fekk bergenskvinna telefon frå eit firma, som tilbaud gratis rens av teppene hennar. Ho takka ja, og fekk deretter besøk av ein særdeles hyggeleg seljar i forrige veke.

Han var overstrøymande blid og profesjonell, skrytte av heimen hennar og såg seg nøye rundt. Stemninga var god — heilt til seljaren trekte opp ein kontrakt frå lomma, der det stod at kvinna forplikta seg til å kjøpa støvsugar- og renseutstyr for nær 30.000 kroner.

Ingen identifikasjon

86-åringen nekta å skriva under. Då gjekk seljaren sin veg utan å reinsa så mykje som ei fillerye. Pensjonisten opplevde situasjonen som svært ubehageleg.

Ho er usikker på firmanavnet, fordi seljaren ikkje hadde verken identifikasjon, visittkort eller brosjyrar med seg.

Men Forbrukarrådet i Hordaland får stadig henvendelsar frå andre som har fått liknande tilbod, og advarar folk mot å takka ja til folk som ringjer og tilbyr gratis tepperens.

- Sei nei

— Ingenting er gratis. Hvis nokon tilbyr seg å gjera noko gratis, så er det for å oppnå noko. Å seia nei er det smartaste du gjer, seier informasjonsmedarbeidar i Forbrukarrådet, Martin Halsos.

Han understrekar at det ikkje er ulovleg med dørsal i Norge.

— Men dette er svært dyktige seljarar, som utnyttar at folk er høflege. For kunden kan det bli vanskeleg å stå imot.

Halsos minner om at lova gjev 14 dagar angrefrist på forbrukarkjøp, og at fristen i visse tilfelle kan utvidast.