— No er dagstur frå Bergen til Voss med elbil praktisk gjennomførbar, for bileigarar med stor batterikapasitet, seier Per Kragseth.

Den tidlegare toppolitikaren i Bergen er styreleiar i Voss Energi AS.

Dale neste?

Frå før er tilsvarande ladestasjonar på plass i Bergen, slik at vossingane har kunna køyrt på bytur med elbil. Føresetnaden er at batteria har kapasitet til å køyra ti mil. Men dagen går med, for batteria skal ladast i ca. fire timar før returen.

Dei som har elbil med mindre batterikapasitet må venta til det kjem ladestasjon på Dale.

Frå elbil til eltog

Etter ein lattermild korreks til partifelle Kragseth for feil farge, opna Ap-ordførar Gunn Berit Lunde ladestasjonane på Voss ved å klippa over ei blå snor i Rockneparken like nedanfor Voss jernbanestasjon. Her står ei søyle med to straumuttak strategisk plassert for den som vil reisa gjennomført miljøriktig. Her kan ein byta frå elektrisk bil til elektrisk tog, og få lada batteria til heimkomsten.

Felleseige

Alle elbileigarar på Voss var med på opninga. Det er slett ikkje mange. Og alle fekk lykjel til å kunne forsyna seg av gratisstraumen. Slik universallykjel til ladestasjonar over heile landet, får alle som kjøper elbil i Noreg.

— Eg vil gå inn for at kommunal heimehjelp skal bruka elbilar, sa ordføraren. – Men eg kan ikkje lova det, la ho til på politikarvis.