Det er ikkje bompengar i følgjande tidsrom:

Julaftan frå klokka 18.00 til 1. juledag klokka 10.00. Nyttårsaftan frå klokka 20.00 til 1. nyttårsdag klokka 10.00.

Vedtaket er gjort av fylkesrådmannen og er i tråd med tidlegare praksis.

I 1995 godkjende fylkesrådmannen at det blei fri ferdsel i nemnde tidsrom. Sidan er spørsmålet reist kvart år, og det er blitt praksis å få reise gratis over brua i dette tidsrommet.

Inntektstapet i bompengar i samband med dette tiltaket er kalkulert til om lag 30.000 kroner. Det medfører at i underkant av 1000 bilar får passere brua utan å betale bompengar.I gjennomsnitt betalar kvar bil som passerer brua 36 kroner i bompengar, heiter det i ei pressemelding frå Hordaland Fylkeskommune