Ei stabil trafikkauke kombinert med låge rentekostnader gjer at brua truleg vert gratis mot slutten av 2005, fleire månader tidlegare enn forventa.

Då Nordhordalandsbrua opna i 1994, rekna fylket med ein årleg prisauke på 4 prosent. Men prisen for å kryssa brua har førebels ikkje endra seg, og det ligg heller ikkje føre planar om å auka takstane, melder avisa Nordhordland.