EYSTEIN RØSSUM eystein.rossum@bt.no

– Bruk augo til det de har fått dei til! ropte mannen til demonstrantane frå «Front mot salg av kjønn og kropp» som hadde stilt seg opp utanfor Det akademiske kvarter, der det var varsla srippeshow seinare på kvelden.

Og dermed varta han like godt opp med sitt eige vesle show, der rockabilly-uniformen forsvann plagg for plagg. Jakke, skjorte og T-skjorte først, deretter olabuksa ned på knea.

Ein god kamerat hjelpte til med å fullføre verket, og før 23-åringen sjølv visste ordet av det, stod han berre i nettoen – til taus misnøye frå demonstrantane og jubel og klappsalver frå ungdommane som skulle inn på Kvarteret og «Erotisk aften».

92-åring på programmet – Nei nei, eg skal ikkje inn der. Vi berre skulle gå oppom og sjå. Så vart eg gripen av stemninga, sa 23-åringen. Han presenterte seg som Trond – som lærar i skulen hadde han lite lyst til få etternamnet i avisa.

Heller ikkje botanikkprofessor Knut Fægri (92) hadde særleg sans for protestane.

– Idiotar har det vel funnest i alle kulturar til alle tider, sa Fægri, som sjølv var ein del av programmet

– Eg skal seie eitt eller anna om nakenheit i Grekenland. Eg hugsar ikkje heilt, eg må sjå etter, sa naturisten Fægri, som avviste at han sjølv kom til å la kleda falle.

– Nei, det måtte bli framfor ei mindre gruppe det da. Så måtte eg sjå an gruppa først, sa Fægri.

Tumultar Etter å ha stått på sidelinja i eit par timar, slo demonstrantane i 23-tida til og prøvde å stengje døra i det strippinga skulle ta til. Politiet rykte ut, og i det BT gjekk i trykken var dei gang med å fjerne demonstrantane frå døra.

Les også: Tre demonstrantar i kasjotten

UFRIVILLIG PUBLIKUM: Demonstrantane utanfor Kvarteret måtte pent vere vitne til stripping i går kveld, sjølv om dei var imot fenomenet aldri så mykje. Trond (23) let kleda falle, heilt uoppforda, som ein protest mot protestane. (Foto: Rune Sævig)