Signalanlegget ved den nye bompengestasjonen er under testing, får bt.no opplyst. Dei som har autopassbrikke, og ein god slump passeringar til gode, får grønt pluss, men det blir ikkje trekt pengar frå saldoen din.

Bompengesatsen blir 40 kroner, men ned til halv pris for den som skaffar seg autopassbrikke og førehandsbetalar mange nok passeringar.

Formuleringskrøll

— Innkrevjinga vil ta til i løpet av august, eit par månader seinare enn tenkt, opplyser Oddvar Brakestad i Kvam Bompengeselskap.

Han avviser at utsetjinga har samanheng med usemje om plassering av bompengestasjonane i Vossapakko.

— Vi måtte utsetja tidsfristen for dei som vil gje tilbod på drifta av stasjonane. Grunnen er at andre bompengeprosjekt har opplevt juridiske problem med ei formulering i tilbodsdokumenta. Vi hadde same ordlyden, men har no retta det, og sett ny frist, forklarer Brakestad.

Tre av fire oppe

Vegarbeidet er ikkje i gang enno, men begge bomstasjonane er på plass i Kvammapakken. Den andre stasjonen er plassert på Kjepso, ved kommunegrensa mellom Kvam og Granvin.

Full nytte av betalingsvegen får ein ikkje før heile pakken er ferdig i 2013. Heller ikkje Vossapakko er ferdig før om tre år, men bompengar må betalast frå siste halvdel av august i år.

Her er arbeidet på riksveg 13 i godt gjenge. Den eine bompengestasjonen er på plass - i Svelgane ved grensa mellom Granvin og Voss.

Stasjonen mellom Voss og Vaksdal er ikkje endeleg fastlagt. På vestsida av Trollkonatunnelen ligg infrastrukturen klar frå den gongen kort tunnel forbi Vangen skulle finansierast. Her vil Statens vegvesen ha bommen. Men då må gjestene til gardsrestauranten på Verpelstad, som ligg i Vaksdal kommune, betala bompengar om dei kjem frå Dale eller Bergensområdet.

Fylkesutvalet i Hordaland ber om at bommen blir plassert aust for avkøyrsla til Verpelstad.

Sparar på timesregel

Passerer du begge bomstasjonane i Vossapakko innan ein time, slepp du betala for meir enn ei passering. Det same gjeld to passeringar av same bompengestasjon. Dette er aktuelt for trafikk mellom Granvin og Bergen, og for kjappe handleturar frå Bolstadøyri til Dale.

Kvammapakken frå same regelen, men her er tidsfristen ein halv time lengre.

Dette betyr at opphald i Norheimsund og på Voss må bli kjappe, for dei som køyrer mellom Bergen og Hardanger. Trafikk mot Myrkdalen, Sogn og Oslo kan bruka den tida dei vil på Voss, sidan Vossapakko berre har ein bomstasjon på E16.

Regelen gjeld berre innanfor kvar «pakke». Trafikk mellom Voss og Norheimsund må betala to gonger, ved Svelgane og Kjepso.

Misnøye hos hyttefolk

Hyttefolk på Kvamskogen er ikkje glade for å måtte passera bommen i Steinsdalen på ein tur til kommunesenteret Norheimsund. Tilsvarande gjeld hyttefeltet Stuaset-Holo i Voss kommune, som må passera bommen i Svelgane på veg til og frå Vangen. Her får fastbuande på gardsbruka frikort, men ikkje hyttefolk, og heller ikkje grunneigarar med berre beiterett eller tilsvarande.

— Vi prøver å få til ei frikortordning for bønder i Steinsdalen som onnar på flatane oppe på Kvamskogen, fortel Brakestad.

Han trur ikkje tilsvarande blir godkjent for dei som «berre» har beite- eller stølsrett på «Skogen».

— Det må lukta bonde, her, seier Brakestad.

Synspunkt? Bruk kommentarfeltet .