— For oss er dette ein liten samferdslerevolusjon. Frå nyttår fekk vi fleire avgangar på sambandet. Og no blir reisa gratis, konstaterer konstituert rådmann i Solund, Gøsta Odéen.

Saman med ordførar Gunn Åmdal Mongstad stilte rådmannen opp på ferja i Ytre Sula for å dele ut kake og kaffi til dei første gratisreisande.

— Folk var glade for å reise gratis, men det var mest fastbuande på den fyrste turen, så dei vart ikkje overraska, seier ordføraren.

Utsett ved nyttår

For Senterpartiet og Arne Sortevik (Frp) har gratisferjer vore ei hjartesak lenge. Men samferdsleminister Liv Signe Navarsete (Sp) fekk aldri gjennomslag i regjeringa. Prisen på to milliardar kroner for gratisferjer i heile landet blei for høg.

Men i fjor haust lova regjeringa å få i gang prøveprosjekt med gratis ferje på eitt samband i Solund kommune og eitt i Troms.

Ved nyttår vart prosjektet utsett, men frå og med i dag er alle formalitetar rydda av vegen, og gratissambanda i gang.

Sparer 20.000

MF «Nårasund», som i dag går i sambandet, brukar åtte minutt på å krysse Ytre Steinsund. For å ta med ein liten bil var prisen 52 kroner, persontaksten for vaksen har vore 22 kroner.

— Pendlarane har rekna ut at dei vil spare kring 20.000 kroner i året på at ferja blir gratis. Det er ganske mykje pengar. I tillegg trur eg gratisferja vil gjere det lettare å reise på tvers internt i kommunen, seier ordføraren.

I tillegg til Daløy-Haldorsneset er Bjarkøy-Sandsøy-Grytøy i Troms også gratis frå i dag. Samferdsledepartementet håpar ordninga med dei to gratisferjene skal stimulere til næringsutvikling og gjere det lettare for folk å slå seg ned på desse plassane. Prøveordninga skal evaluerast etter tre år.

Navarseteeffekt

Kritikarar, mellom dei Arne Sortevik, har meint at ordninga heller burde vore innført på større samband. Først då ville det kunne vere råd å måle kor positiv ei slik ordning ville vere.

Solundordførar Åmdal Mongstad seier ho ikkje er i tvil om at Liv Signe Navarsete hadde eit avgjerande ord med i laget då Ytre Sula blei valt som det eine. Sogningen, som er partileiar i Sp, var samferdsleminister før ho blei kommunalminister i haust.

Kva synes du om tiltaket? Diskuter saka i kommentarfeltet.

FEIRAR: Ein av bilane flaggar for gratisturen. FOTO: GUNN Å. MONGSTAD