Kraftig regn har fått fossane i Skjervet til å svulma kraftig opp i dag. Spruten frå den øvre Skjervefossen var uvanleg sterk i ettermiddag. Litt saktekøyring på brua minte mykje om innsida av ei bilvaske-maskin.

Også fossestryka på nedsida av vegen gjekk uvanleg strie, og Granvinelva gjekk flaumtung.

I fjellsida langs Granvinvatnet var det også uvanleg mykje vatn, og vinden fekk godt tak.

SKJERVET: Saktekøyring over brua under Skjervefossen gav kjensle av bilvask.
Arne Hofseth
VASSDREV: Det dreiv friskt av flaumstore grøver i Øvre Eidfjord.
Arne Hofseth