Rask reaksjon frå personell, pasientar og forbipasserande hindra ein brann i skogkanten i få skikkeleg feste bak den psykiatriske distriktspoliklinikken ved Stord sjukehus i 13.30-tida.

Brannvesenet kunne konsentrera seg om ettersløkking då to brannbilar kom til staden.

Vêrvarslinga for Vestlandet har i dag åtvara mot lyng— og skogbrannfare i landsdelen grunna den lange perioden utan nedbør.

RASKT SLØKT: Brannvesenet kunne slå fast at gras- og lyngbrannen kloss i Stord sjuke-hus i dag fekk avgrensa omfang trass vind og knusktørt terreng.
ove olderkjær (MMS)
ove olderkjær (MMS)