Brannfolk frå Fitjar fekk ein frisk start på dagen i dag. Dei måtte rykka ut med båt til ein gras— og lyngbrann på Tranøy ved Nyleio vest for Fitjar.

– Brannen er no sløkt og brannfolka har returnert til land. 80 til 100 dekar lyng og utmark gjekk med i brannen. Ingen hus skal vera skadde, opplyser lensmann Svein Lunde i Fitjar.

Politi og brannvesen fekk melding om brannen litt over klokka ti i dag. I følgje lensmannen er øya stor med fleire fritidsbustader, men ingen fastbuande.

– Brannen skuldast feil på ei høgspentline. Det tok difor raskt fyr i den tørre lyngen.

Men aldri så galt at det ikkje er godt for noko.

– Lyngen skulle likevel brennast før våren, seier Lunde.